«Å? Så du har vore i USA i sommar? Ganske entusiastiske desse amerikanarane, er dei ikkje?».

Oliver – ein engelskmann eg prata med i helga – talar same morsmål som våre venner på andre sida av Atlanterhavet, men vedgår at han ikkje identifiserer seg med framtoningen amerikanarane er så kjende for: Kjenslemessig sprut og glød, med hug til framsnakk og alt som er stort – anten det er bilar, matporsjonar eller kompliment.

Kultursjokk

For ein stiv nordmann som meg, med stort sett «klassiske» turmål som Kypros, Sverige, og Tyskland på reise-CV-en, er det berre å konstatere at USA gav meg kultursjokk, trass tresifra tal Hollywood-filmar på samvitet sidan fødselen.

To og ei halv veke av fellesferien 2012 har nemleg gått med til å sjå karrierejegerane på Manhattan i New York, alligatorane i «lisjeelvane» i Florida, levd seg inn i ein episode av «Miami Vice» i byen med same namn, og deretter sigla ein svipptur på cruise i Karibia.

Det er ikkje til å leggje skjul på at verda har mykje meir å by på enn ein joggetur rundt Rotevatnet. Berre les vidare, så skal eg ta deg med på mi fyrste oppleving av gigantane sitt land.

Alltid utestemme

Kven har vel ikkje høyrt om New York? Verdsmetropolen som Frank Sinatra meisla med stadfestinga «Viss du klarer deg her, klarar du deg kvar som helst». Byen er ein menneskeleg smeltedigel med folk som osar av driv etter å lykkast med den amerikanske draumen – kva no den er.

Store delar av Manhattan husar ein karrierejagande flokk som alltid ser ut som om dei er for seine til møter, der dei går med nasegrevet i smarttelefonen, og får det til å verke som om dei har utvikla ein ekstra sans som hindrar at dei vert overkøyrde av trafikken.

Det er også kjekt å sjå at ingen situasjon er for liten eller for stor for amerikanarane. Det er til dømes fort gjort å verte heia på medan ein går nedover gata i New York. Min yngste bror er det ein kan kalle vertikalt velsigna frå fødselen av. Slåpen strekk seg to meter i høgda, og hadde eg ikkje visst betre, ville eg trudd at dei innfødde hadde planlagt å minne han på det i to og ei halv veke til ende.

I løpet av fem minutt ute i det fri hadde minst to tilfeldig forbipasserande ropt ut «hei høging», «småen» (med ironisk klang), «du MÅ vere basketballspelar», og ikkje minst klassikaren «eg hadde vore rik om sonen min hadde vore like høg som deg». Amerikanarane går heller ikkje av bana for å kommentere kleda dine når det passar dei. Aksling av oransje joggesko vert møtt med stadfestinga «det der er kule sneakers», medan dressen vert nemnt med «looking good gentlemen». Kledeleg.

Ein busstur til bry

Sjølv sightseeingturen med dei opne bussane skal vere show for amerikanarane. Helst skal det vere full fart heile tida, og ventinga i kø skal vere minimal. Så fort ein har funne seg eit sete i bussen, vert merksemda raskt retta mot turgaiden – ei innfødt Brooklyn-kvinne som like gjerne kunne vore oppvarmar for kvar ein stand up-komikar med låge ambisjonar.

«Make some nooooise» (lag noko lyyyyd), seier ho med viftande armar, slik du kjenner att frå introen av reality-show som Idol, X-Factor, Americas got Talent og Da Capo (ok, kanskje ikkje det siste).

Sjølv om innpakninga av rundturen er det næraste du kjem ekte tv-underhaldning, er det faglege innhaldet faktisk ikkje så gale. Den festglade dama kan faktisk drype ein del informasjon om interessante bydelar av Manhattan – som til dømes afroamerikanarane sin tilhaldsstad, Harlem, eller Upper East og West Side. «På vestsida bur mange rike og berømte skodespelarar, medan austsida husar dei som er enda rikare. Dei som betalar løna til skodespelarane», seier turgaiden. Så veit dokke det.

Det går likevel ikkje lenge før ho bryt opp historietimen med ein rastlaus gest, etterfølgt av eit «wooooh», og eit nytt «make som nooise for me people!». Sjølvsagt får turgaiden auge på meg – ein blond nordbuar med skitne pilotbriller, som ikkje klarer å skjule at eg frydar meg av å vere på omvising med den mest engasjerte turleiaren eg har sett i heile mitt liv.

– Tykkjer du eg er morosam? Kvar er du frå? spør ho meg, og rettar mikrofonen i mi retning slik at eg kan kringkaste sunnmørsengelsken min til resten av bussen.

– Eg er frå Noreg. Fyrste gang i USA! svarar eg.

– Åååh, Noreg! Seier ho, og gjer retrett med eit tonefall som kan hinte om at ho anten ikkje har høyrt om nasjonen vår før, eller er med i den velfylte klubben av amerikanarar som trur Noreg er eit fylke i Sverige.

Utan mat og drikke ...

Dersom du dreg over Atlanteren treng du forresten aldri vere redd for å svelte. Det verkar nemleg som om fleire restaurantar nærast vegrar seg for å la ein einaste kvadratcentimeter av porselenet i tallerkenen vere udekt. Sjølv bestilte eg ein biff på eit lokalt Manhattan-steak house, og venta – som i Noreg – å få ei lita skive med kjøt og nokre amadine-poteter attåt.

Synet som møtte meg då kelneren kom med maten gav meg fort andre assosiasjonar. Eg hadde rett nok fått ein biff, men tilbehøyret var berre å gløyme. Kjøtstykket var nemleg så svært at hadde eg ikkje visst betre, kunne eg sverga på at kokken hadde servert meg belgisk blå, utan å bry seg med å dele opp dyret.

Drikkeglaset får same behandling, noko som gjer at ein enkel konjakk i hotellbaren fort kan forvekslast med ei pils på Norrøna.

Florida... og litt Keiko

Etter å ha nytta nokre timar med å vinke til alligatorane i småelvane ved den amerikanske motorvegen, stod Kennedy romsenter og NASA sine hovudkvarter for tur ved Cape Canaveral.

Her får du vite korleis ein gjeng med ingeniørar klarte å sende folk til månen på 60-talet ved hjelp av datakraft som svarar til eit par Casio-kalkulatorar. Det er ikkje tvil i at amerikanarane er verdsmeistrar i å byggje opp ei historie med dramatisk effekt – særleg når historia er såpass god at ho kan fortelje om dei fyrste stega på månen.

Ein tur vidare til Universal Studios i Orlando stadfesta for så vidt mytane om at amerikanarane byrjar å få eit problem med den kroppslege omkrinsen sin.

Eg har full respekt for at folk er forskjellige, og eg dømmer ingen, men eit raskt blikk inn på ein tilfeldig fast food-restaurant ved Universal Studios får ein til å tvile på om spekkhoggaren Keiko verkeleg strauk med i Halsa eller ikkje. Hadde eg ikkje visst betre, kunne eg sverga på at det var her han og slekta hadde årets sommartreff. Det er vel slik det vert når ein kan få to liter brus i begeret for ein neve med nokre skarve dollar.

Når vi fyrst snakkar om storleik, kan vi også nemne den amerikanske bilparken. Billeg bensin og låge avgifter gjer det nemleg muleg for amerikanarane å oppfylle alle ønskjer om å eige størst muleg bilar. Ein tung muskel-Chevrolet kostar kring 170.000 kroner i USA, noko som er lommerusk samanlikna med prislappen den får i Noreg, etter at dei norske politikarane har konkludert med at Chevyen er like miljøfarleg som romferja Challenger – ja, den som eksploderte.

Speed TV

Ein kan i alle fall ikkje skrive reisebrev frå USA utan å snakke om tv-kulturen.

For å seie det slik – når eg kjem heim, vert norsk tv som eit finsk badstovedrama i saktefilm. I midten av opphaldet var eg var så uheldig å ete noko magen ikkje likte, noko som lenka meg fast til senga og fjernkontrollen i eit par dagar. Då eg steig opp att frå hiet etter sjuka var eg ein endra mann. I løpet av desse to dagane hadde nemleg den ustoppelege reklamekarusellen i tv-ruta fødd hjernen mi med mykje informasjon om korleis eg skal tenkje.

Punkt ein – smertestillande er vegen å gå ifølgje fleire amerikanske reklamar – det vil seie, dersom du er klar til å ta konsekvensane. Det vert nemleg opplyst i same innslag at biverknadene kan vere suicidale tankar, hjartestopp, depresjonar, død og mykje anna «moro».

Andre reklamar ber deg om å kjøpe bilar – gjerne fronta av ein medietrent selskapssjef som leverer tryggjande frasar og sleiske smil på samleband. «Eg er John Hall, og du vert nøgd med oss. Det garanterer eg *blink blink*».

Ved andre høve kan tonen vere meir aggressiv. Som til dømes når frontfiguren for eit advokatfirma viser at det enkle faktisk kan vere det beste. «Hei. Er du nøgd med advokaten din? Ikkje det? Spark han då vel! Du er klienten, og bør vere nøgd. Ring meg i dag.» Eg trur vi nordmenn har ein veg å gå før vi får sjå liknande reklamar her til lands.

Dei beste reklamane er likevel dei med politisk bodskap. Medan eg låg sengefast i Orlando, lærte eg at Florida-politikaren Bill Nelson (kven no det er) har feila i å oppfylle fleire lovnader i løpet av dei siste åra. Difor måtte alle som såg på samle kreftene for å «nedkjempe Bill Nelson».

Verkemiddel som flimrete ureine bilete av hovudpersonen, med tilhøyrande horror-musikk får meg sjølvsagt til å rynke på nasen over denne stakkars politikaren. Det går likevel ikkje lenger enn fem minutt før det kjem ei ny reklame med same mann i sentrum – denne gongen med ein positiv klang som vitnar om av PR-avdelinga hans har stått på for å stille helten sin i eit langt betre ljos.

No er det nemleg ikkje måte på kor mykje han har fått til i løpet av si tid ved makta, og produsentane hans har ikkje spart på lyse bilete og musikk som er så fager at ein skulle tru det var Jesus sjølv som kom ridande inn på palmeblad. Stakkars amerikanarar. Eg håper for deira del at nokon av dei klarer å tenkje sjølv.

USA - sjenert = sjuk?

Misforstå meg rett – det er absolutt mykje bra med USA. Folket over dammen er til dømes verdsleiande i heltedyrking. Klisjeen om at jantelova er eit framandord stemmer, og ein treng ikkje sjå lenger enn til dekninga av deira eigne atletar i London OL, før ein ser at oppløfting av enkeltindividet og lagmoral er hjørnesteinar i folkesjela.

Med fire programleiarar på tv som samtidig slåst om ordet, vert alt ifrå deltakarar, til tidlegare deltakarar, til deltakarane sine familiar og kjæledyr invitert inn på riksdekkjande tv for å fortelje kor fantastisk det er å vere i London og sjå sine eigne heltar sanke medaljar som dei kan ta med heim att til «the greatest nation in the world».

Eg har faktisk enno til gode å sjå ein sjenert amerikanar i løpet av desse vekene, og ingen ville nok arrestert deg dersom du byrja å lure på om dei behandla introverte som sjuke i dette landet. Her er diverre ikkje tilstrekkeleg med spalteplass til å ta med alle døma på denne oppførselen, så eg skal avgrense meg til eitt.

Då eg og mine blodsbrør forvilla oss inn på stand-up show venta vi ei klar rollefordeling mellom komikar og publikummar. Der tok vi feil. Det skulle ikkje kome mange frekkheiter frå vitsemakaren på scena før amerikanarane byrja å svare tilbake i lange frasar og ville utrop som «hei hei hei, den der var under beltestaden!», og «kjenner meg att i den der mann!».

I ei skakka stund kom til og med ein publikummar også opp på scena og fortalde ein skiten vits, etter å ha vorte invitert opp av komikaren/samtalepartnaren. Artig var det uansett.

D' ekje so gale

Det er uansett mykje godt i våre brør og søstre over dammen, og klisjeen om at vi har mykje å lære av dei står ved lag.

På cruiseskipet – der eg og familien sit i skrivande stund – er det til dømes full kamp mellom dei tilsette om å vere mest imøtekomande og hjelpsame. Eg veit ikkje om vi er uvitande deltakarar i sørvis-VM, eller kva vi er, men det slår meg i alle fall som ei forlenging av den amerikanske kulturen vi har opplevd i desse to og ei halv vekene.

Då er det faktisk ikkje så gale at USA-buarane ikkje veit kvar Noreg ligg, eller at dei berre dekkjer sine eigne atletar i OL. Det er til og med greitt at reklamane på tv-en berre tek mål om å fortelje kva den gjengse amerikanar skal tenkje, anten det er å nedkjempe ein lokalpolitikar eller løyse alle problem med smertestillande.

Trass pågangsvilje; stand-up komikaren på båten kunne likevel ikkje forstå kvifor velståande amerikanarar ville nytte ferien i Karibia til å risikere helsa ved å vitje det han kalla dei tre farlegaste plassane på denne sida av Atlanteren.

– Haiti, Jamaica og Mexico ... ein kan ein no like gjerne slenge på dinosaurparken «Jurassic Park» når ein fyrst er i gang då. Alle plassane er uendeleg vakre og trygge for turistar...........så lenge dei elektriske gjerda fungerer!».

Steiken eg skriv om i brevet sjokkerte meg såpass at det må framleggast bildebevis. Kokken meinte tilbehør var øverflødig. Eg er samd.
Ein kan ikkje fare til New York utan å sjå fridomsgudinna. Fyrste solbrenning hendte på denne båten.