Laurdag 14. juli vert kraftprøva arrangert i Romsdalen for fjerde gang i historia.

Det store målet er å nå Stabbeskaret (1.800 m.o.h.) heilt oppe på toppen, men før den tid er det mykje blod, sveitte og tårer som skal ofrast.

Deltakarane skal fyrst symje eit 1,2 km langt strekkje i Isfjorden. Deretter skal dei ta sykkelen fatt og trakke i veg dei 3,4 mila frå Åndalsnes sentrum til Trollveggen, og derifrå leike fjellgeiter på to hjul når dei siste kilometera opp Trollstigen skal forserast. På dei siste 5,7 km opp til mållina ved Stabbeskaret, er det dei gode gamle beina som skal til pers.

Å runde av tevlinga med å klatre 750 høgdemeter på rein springekraft kan verke som eit uoverkomeleg hinder for mange, men ikkje for Ragnhild Sætre Linnerud (50).

Forferdeleg rastlaus

– Eg har delteke på Oslofjord triatlon og trent mykje duatlon (sykling/springing), men eg har aldri vore med på Trollveggen-laupet før, så laurdagen vert veldig spennande, seier Linnerud.

Ho er fødd og oppvaksen i Ørsta, men har hatt mange postadresser sidan ho flytta frå sunnmørsbygda i 1982. Linnerud har budd både i Asker, Bærum og Oslo, før ho no har slått seg ned på Lillehammer, nygift og med jobb som ergoterapeut på Skogli – eit av Noregs største helse- og rehabiliteringssenter.

Laurdag står ho på startstreken ved vatnet i Isfjorden.

– Er du klar?

– Njaa, eg føler aldri at eg har fått nok mengdetrening i kroppen, men no eg er forferdeleg rastlaus så det skal verte godt når tevlinga kjem i gang!

Førebuingar

– Til dei som går med ein triatlon-utøvar i magen – korleis bur ein seg på ei slik kraftprøve?

– Ein bør fyrst og fremst trene på dei faktisk øvingane, altså symjing, sykling og springing. Deretter kan ein så smått byrje å kombinere og slå saman treningsformene på same dag, seier Linnerud.

På spørsmål om korleis ho bur seg no dei siste dagane før tevlinga, svarer den utflytta ørstingen at ho lyttar til kroppen, samlar krefter og et akkurat det ho har lyst på. Det er trass alt restitusjon og energipåfyll som trengst for å nå formtoppen etter ei hard opptreningsperiode.

Tanken på å kome sist i mål er ikkje skremande i det heile.

– Eg er tilhengar av arrangørane sitt slagord: «Her er vi alle vinnarar». Det viktigaste er trass alt å delta, seier ho.

– Eg er litt gal

Når ein ser tilbake på kåra i oppveksten, kan ein skjønne korleis Ragnhild fekk smaken på friskus-livet.

– I ungdomsåra likte eg meg alltid godt i fjella kring Ørsta. Du kan seie eg vaks opp på setra oppe i dalen. Eg har til og med delteke på «Saudehornet rett opp» – då berre som vanleg mosjonist.

– Naturgleda kjem godt med når du skal springe triatlon?

– Ja, og så er eg litt gal. Det hjelper på, seier Linnerud og ler.