Ørstingen Engeset hanka inn sølvmedaljen då ho kryssa mållina på tida 4.26.47, berre eit drygt sekund og åtte hundredelar etter gullvinnaren Frida Berge frå Gular IL.

Andreplassen smakar nok godt for Engeset, som ikkje har tevla på elitenivå dei siste fire-fem åra grunna skadar og sjukdom.

I glansdagane for seks år sidan varta ho opp med 12. plass på 3.000 meter hinder under VM i Beijing, før ho året etter tok sølv i same grein under junior-EM.

Dei siste åra har Engeset studert Sports Management i USA, og sølvmedaljen søndag gjev hint om at ørstajenta er på veg tilbake til godforma.