– Eg er litt usikker på om Høgre-ordføraren i Ørsta, Rune Hovde, vil at flest mogleg gardsbruk i Hjørundfjorden skal verte lagde ned, men i fireårsperioden då partiet hans, med støtte frå m.a. Frp, har hatt makta i kommunen, har gardsbruket på Stennes blitt lagde ned, og på lekneset har bonden att berre nokre sauer. I fjor la bonden der ned geitemjølkproduksjonen. Dermed er det ikkje lenger att geiter i Urkedalen, Leknesdalen eller Norangsfjorden generelt.

– Når sommaren er over, er det heller ikkje aktiv gardsdrift på Hustadneset heller. Og eg fryktar for gardsdrifta på Skår. Dei to som driv der er snart pensjonistar, fortel Hustad.

Leiaren i Hjørundfjorden bondelag meiner dette er mellom dei viktigaste gardsbruka i Ørsta kommune.

– Nei, dei har ikkje produsert mest mat sjølv om dei har produsert mat av høgste kvalitet. Nei, grunnen til at dei er-/har vore så viktige, er at dei betyr så mykje for å bevare kulturlandskapet og dermed turismen. Utan tvil set t.d. hurtigruteturistane svært stor pris på eit aktivt landbruk langs Hjørundfjorden. Og det betyr mykje også for Ørsta kommune. Men tenkjer ordføraren og dei andre politikarane i Ørsta nok over dette, spør Hustad.

Han saknar ei meir offensiv line frå politikarane, med ordføraren i spissen, for å oppretthalde breidda av landbruket i Ørsta.

– Eg veit ikkje kva ordførar Rune Hovde vil. Han seier knapt noko om landbruket, men at den blå-blå regjeringa med statsråd Listhaug i spissen vil fjerne dei mindre gardsbruka for å støtte dei større og meir «kostnadseffektive» gardsbruka kan det ikkje vere tvil om. Det har ho både sagt og vist i praksis ved å redusere tilskotet til dei små gardsbruka og auke tilskota til dei store – gjerne med fleire hundre tusen. Men det har ein konsekvens, konstaterer Knut Hustad.

Ordførar Rune Hovde er noko oppgitt over Hustad sitt utspel.

– Det vert litt urimeleg å leggje all skuld for utviklinga i landbruket siste åra på dei blå-blå. Ørsta er ein viktig landbrukskommune, og eg kjempar det eg kan for landbruket. Eg har m.a. nettopp skrive under eit ordføraropprop om å bevare pelsdyrnæringa. Så får Hustad tru det han vil.

Knut Hustad er leiar i Hjørundfjord bondelag.