På målestasjonen på Eitrefjell vart det målt ein maksvind på 44,5 m/s fredag kveld, og det er orkan i kasta. At vinden og tok godt tak i Bjørdalen kom til syne laurdag morgon.

Ei løde som fekk skader under Dagmar vart påført større skader under Tor. Ei brakke vart totalskadd, og ei traktorvogn hamna på sida i den sterke vinden.

Ifølgje politiet på Sunnmøre er det ikkje meldt om personskader i samband med vêret.

Ordførar Stein Aam opplyser til Møre-Nytt at kommunen har fått meldingar om knekte tre, og at det ligg nede litt skog i Vatnedalen.

- Elles har vi ikkje fått meldingar om store ting, og vi har vore heldige totalt sett.