Kva skjer dersom Bjørke melder overgang til Nye Volda?

Møre-Nytt har utfordra leiaren for Ørsta Næringskontor, Odd Magne Vinjevoll til å kome med sine vurderingar, spesielt med tanke på utviklinga av reiselivsnæringa. Han er opptatt av det han kallar kommersialisering av kulturtilbod, for å skape bærekraftige arbeidsplassar

– Folk som kjem på besøk vil oppleve lokal kultur og lokale tradisjonar. Urke har fått eit oppsving, og Trandal og Øye er kjende reisemål. No kan tida vere koma til å skape nye tilbod på Bjørke, seier Vinjevoll.

Han deltek i planlegginga av ein matkulturfestival andre helga i september, med utgangspunkt i Bakketunet.

– Ein matkulturfestival vil vere ein arena for store og små aktørar i heile kommunen for marknadsføring av eigne produkt, seier Vinjevoll.

Reiselivet er i vekst. Ørsta vil ha sin del av kaka, og satsar spesielt i Hjørundfjorden.

–Dette er ei næring som kan kombinerast med å drive innan landbruket, og har dermed stort potensial for å skape arbeidsplassar og livsgrunnlag i bygdene i Hjørundfjorden. Vi ser også at yngre generasjonar no etablerer seg på stadar som Trandal, Urke, Øye, Sæbø og Bjørke. Dersom vi kan utvikle reiselivet, og samstundes endre rigide reguleringar i landbruket slik at utvikling av den stadbundne næringa kan skje saman med nye generasjonar og trendar, då er det gode framtidsutsikter for desse bygdene.

– Kva konsekvensar vert det dersom Bjørke og Viddal melder seg ut av Ørsta?

– I næringslivet generelt betyr ikkje kommune- eller fylkesgrenser noko, så det treng ikkje få så store konsekvensar for reiselivssatsinga. Om dei blir verande i Ørsta får vi ro i leiren for å finne løysingar. Men det som skjer no har fått meg til å tenkje nytt når det gjeld kommunesamanslåing. Eg har kome til at på sikt er den beste løysinga at vi får ein kommune med både Volda, Ørsta og Hornindal, og gjerne fleire. I ein slik situasjon ville dagens problemstillingar for folket på Bjørke ikkje eksistert, seier Vinjevoll.

–Mitt råd til folket på Viddal, Leira, Bjørke og Sjåstaddalen er at dei samlar seg om ein felles strategi for grendene sine, tek seg tid til å finne fram til gode løysingar for å kunne utvikle og etablere bærekraftige bygdesamfunn, det er framtidsretta for eksisterande bygdesamfunn og nyetableringar av både næring og familiar. Denne strategien brukar ein overfor det politiske og offentlege system for å legge ein god framtidig plan for si eiga bygd. Uansett kommunetilhøyrigheit vil det vere viktig å tilrettelegge gode ålmente bu- og tenestetilbod for nye generasjonar, dette gir etableringslyst og verdiskaping. Det er viktig at ein ikkje let seg presse til kortsiktige løysingar p.g.a. konstruerte tidsfristar, her er det bygdefolket som må ta styringa og utnytte sin verdi og attraktivitet.

I tillegg til å vere leiar for Stiftinga Ørsta Næringskontor er han lokalpolitikar for Framstegspartiet. I dette partiet har det vore ei lunka haldning til kommunereformen.

Sjølv stemte Vinjevoll nei til samanslåing med Volda i folkeavstemminga i mai 2016. No har han snudd.

– Eg stemde nei fordi eg var usamd i tvangsprosessen. Ei sak er å bruke tvang, noko anna er å slå seg saman på grunnlag av at vi kan få ein positiv gevinst. Ørsta og Volda kan bli eit kraftsenter i regionen, og då må vi stå fram samlande og vise at vi har kvalitetar både i sentrum og på bygdene. Vi må starte samarbeidet der vi haustar gevinstane ved dette, det gir godt grunnlag for samanslåing seinare seier Odd Magne Vinjevoll.