– Ørsta sentrum må ha meir liv og røre. Skal vi utvikle sentrum til å verte endå meir attraktivt, må her bu folk. Difor satsar vi slik vi gjer.

Det seier Arne Johan Rebbestad og Jan Endre Vartdal. Saman med dei andre investorane, Sindre Vartdal og Egil Giørtz,  lanserer dei no planane for kva som skal skje med Mørebiltomta.

Der ynskjer dei å få opp eit bustadkompleks med 94 leilegheiter. Dei vil enno ikkje ut med kor mykje dette vil koste, men antydar ein prislapp mellom 200 til 300 millionar kroner.

– Vi meiner vi har kome fram til ei god løysing, med å dele bygningsmassen i to bygningar, og gjere dei arkitektonisk spennande, seier Rebbestad.

Då avtalen med Ørsta kommune vart gjort om å ta over Mørebiltomta, var det ein klausul om at tomta måtte utviklast innan fem år. Difor har eigarane arbeidd hardt for å få eit konsept klart.

Konkurranse

– Vi inviterte seks firma til å vere med i ein konkurranse om utforminga. Vinnarane vart Asplan Viak. Dei har eit konsept som vi meiner er annleis, men som samstundes vil passe inn i Ørsta, fortel Rebbestad.

Forslaget inneber at det må søkjast kommunen om dispensasjon frå gjeldande regulering. Dei to bygningskroppane er forma etter eit terrasseprinsipp, der dei høgste blokkelementa vil vere på åtte etasjar. I gjeldande plan er det ikkje lov å byggje høgare enn fem etasjar.

– Sjølv om åtte etasjar kan høyrest mykje ut, er dette forslaget etter vår meining likevel betre enn eit alternativ der vi hadde nytta utbyggingsgraden for tomta maksimalt, og bygt eit kompakt bygg på fem etasjar, seier Vartdal. Han og Rebbestad fortel at dei har vore i dialog med Ørsta kommune om dette.

Sol og skugge

I konseptet er det teke omsyn til sol og skugge. Alle leilegheitene vil få inn sol.

– Mellom dei to bygningskroppane er det ei grøn lunge med ei breidde på tretti meter. Her tenkjer vi oss eit fint parkanlegg, seier Vartdal.

Det er også teke omsyn til at det skal vere rikeleg med parkering. Parkeringsplassane vert delvis grave ned mot flomålet, og vil vere over to etasjar.

– Vi har valt ikkje å gå under flomålet, då det ville ha ført til ein vesentleg kostnadsauke, seier Rebbestad.

Høg kvalitet

Han og Vartdal vedgår at lista er lagt høgt. Bygningsmassen kan vere utfordrande for mange, og dei understrekar at det er eit ynske frå deira sida at leilegheitene skal ha høg kvalitet, vere tilpassa notida og framtida sine krav, og vere tilgjengelege for alle.

– Dei vert bygt i samsvar med Tech17 sine retningsliner. Mellom anna vert det lagt opp til at mest alle leilegheitene kan verte nådd med heis. Det medfører at det vert sju heisehus fordelt utover i bygningsmassen, fortel Rebbestad.

Jan Endre Vartdal understrekar at skal prosjektet verte realisert, må det vere eit godt førehandssal.

– Det er snakk om ei veldig stor investering, og vi er heilt avhengige av ei viss interesse, seier Vartdal.

Likevel, eigarane har stor tru på prosjektet.

– Vi har gått igjennom kor mange sentrumsleilegheiter det eigentleg er i Ørsta. Utanom Ørsta Brygge, er det ikkje så mange. Skal Ørsta sentrum nå den attraktiviteten vi ynskjer, og som mellom anna kommunen no er i gang med gjennom arbeidet med Europan og ny reguleringsplan, er dette eit prosjekt som passar inn, seier Vartdal.

Ynskjer tilbakemeldingar

Han og Rebbestad ynskjer at folk tek kontakt med dei, og kjem med tilbakemeldingar.

– Vi ynskjer å vite kva folk meiner, og vil ut på hausten truleg invitere til møte om dette. Men stopp oss gjerne på gata, send ein mail, eller ta ein telefon, og kom med meiningar, insisterer dei.