Fleire av elevane bur på internat i dei tre vekene det konsentrerte kursopplegget held på.

– Vi køyrer to intensivkurs om sommaren, med 4–5 plassar i kvar klasse. Desse kursa er som regel fullbooka eitt år i førevegen, og vi kunne lett hatt tre gangar så mange elevar på denne tida dersom vi hadde satsa og sett av fleire køyrelærarar, seier trafikklærar og dagleg leiar Roger Bondhus.

Skepsis

– Kvifor satsar de ikkje meir då?

– Det kjem av reint praktiske årsaker. Vi har naturleg nok mindre kapasitet sidan trafikklærarane skal ha ferie. Det same gjeld Statens vegvesen, som stengjer glattkøyringsbana om sommaren.

Bondhus Trafikkskule arrangerer intensivkurs ein gong i månaden året rundt, og leiaren løyner ikkje at det er knytt ein viss skepsis til denne «snarvegen», som gjev deg mulegheit til å få lappen i handa etter berre tre veker med opplæring.

Skjellsord

– I enkelte krinsar av det trafikale opplæringsmiljøet har vel ordet «intensivkurs» nærast fått status som skjellsord. Vanlegvis brukar ein mellom to til fem månader på å ta førarkort, men her kan ein altså få det i løpet av 15 kursdagar. Vi har også eit eige internat som folk kan bu på i den korte opplæringsperioden.

Og skal ein tru Bondhus, er dette frykteleg populært. Om sommaren valfartar nemleg folk frå heile landet til Ørsta for å ta køyreløyvet i ekspressfart.

– Mange av kundane våre arbeider i Nordsjøen, på oljeplattformer og fiskebåtar. For dei er nok det konsentrerte kurset ei spesielt god ordning, seier Bondhus.

Avviser storbyfolk

Dei fleste som er tidleg ute med søkinga får innpass – men ikkje alle.

På spørsmål om det er mange frå til dømes storbyane som kjem for å ta lappen i «enklare og meir landlege område», svarer Bondhus at der er pågang frå desse, men at dei avviser spesielle grupper.

– Vi tek til dømes ikkje inn ferske elevar frå Oslo. Dette har ikkje noko med diskriminering å gjere, men det skal ikkje vere slik at ein som bur midt i storbyen kan ta førarkort ute på bygda, og deretter reise tilbake til Oslo sentrum for å setje seg sjølv og andre i fare med minimal erfaring i trafikken. Vi stiller krav til alle intensivkursdeltakarar om at dei må ha gjennomført ei viss køyremengde før dei kjem til oss.