Den splitter nye fabrikktrålaren skal erstatte den 17 år gamle tidlegare Ramoen, som no er seld til eit sør-afrikansk reiarlag. Nyebåten, som skal ha heimehamn på Vartdal ligg framleis ved verftet i Spania, men skal snart segle nordover.

Han blir døypt i Ålesund laurdag 29. oktober, får Møre-Nytt opplyst.

Nye Ramoen får ein topp moderne filetfabrikk, levert frå Bjørdal Industrier. Framdriftssystemet er eit hybridsystem levert av Rolls-Royce, som skal syte for betydeleg lågare drivstofforbruk enn på gamlebåten.

«Ramoen» blir ein av få svært få fabrikktrålarar i landet.

Trålaren er 75,1 meter lang, og har ein lastekapasitet på 1200 kubikk, i tillegg til mjølrom på 450 kubikk. Frysekapasiteten er på 90 tonn i døgnet. Trålaren blir utstyrt for kvitfiskfiske i tillegg til rekefiske, og både botntrål og pelagisk trål.

Knut Vartdal, Atle Vartdal og Erlend Vartdal eig 35 prosent av Ramoen AS gjennom selskapa sine, medan den familieeigde Herøy-bedrifta Eros AS eig dei resterande 65 prosenta. Per Magne Eggesbø er administrerande direktør, medan Knut Vartdal er styreleiar.