– Det er ei klar målsetting at vi får byggestart på Voldatunnelen i perioden 2018-2021, og at Ørstafjordkryssinga får byggestart i løpet av Nasjonal Transportplan-perioden som går fram til 2029, seier voldingen Svein Sunde.

Både Ørsta og Volda kommunar har no starta samarbeid med lobbyselskapet Gode Vegar AS, der Sunde er dagleg leiar. Han var ein viktig pådrivar for Kvivsvegen og for å få E39 i indre linje gjennom Nordfjord.

– Styret i Gode Vegar ønskte å få med Ørsta og Volda, mellom anna fordi vi ønskjer å sjå E39-strekninga mellom Byrkjelo og Rjåneset i eit overordna bilde. Slagordet vårt er E39 – timen raskare. Då er det nettopp strekninga Byrkjelo–Rjåneset vi snakkar om, seier Sunde.

Dei andre kommunane som er inne i Gode Vegar er Stryn, Hornindal og Skjåk. Vegane Sunde konsentrerer seg om er den nemnde E39-strekninga og rv. 15 (Strynefjellstunnelane). I Ørsta og Volda vil dette seie realisering av Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga.

Ei tredje linje

Medan planlegginga av den førstnemnde allereie er i gang, har det gått tråare for Ørstafjordkryssinga, særleg etter at Statens vegvesen gav beskjed om at dei vil sjå Ørstafjorden i samanheng med Hafast. Det vil i praksis seie at prosjektet står i fare for å ikkje kome i gang før ting er avklart for Hafast- kryssinga.

Men Sunde har håp, og det har vorte lansert ei mogleg løysing på floka. Det er nemleg kryssinga av Vartdalsfjorden som avgjer framtida til Ørstafjordkryssinga. Her har to alternativ vore aktuelle: Ei linje som svarar til dagens Eiksundsamband, eller ei kryssing av Vartdalsfjorden frå Vartdalsstranda, og direkte til Hareid og Hafast. I sistnemnde alternativ vil Ørstafjordkryssinga vere del av E39, medan ho ikkje vil vere det i det første alternativet.

– Forslaget Ørsta kommune lanserer, er ei tredje linje som slår saman dei to eksisterande alternativa. Den kryssar Vartdalsfjorden frå Eiksund til Rjåneset, og går vidare over Ørstafjorden, forklarer Sunde.

Gjennomslag for ei slik løysing vil avklare statusen for Ørstafjordkryssinga, og opne for at planlegginga av kryssinga kan halde fram, nokolunde uavhengig av framdrifta i Hafast.

– Vi meiner då at Ørstafjordkryssinga ikkje treng vente på avgjerda om Hafast. Samtidig seier vi at avgjerda om kryssing av Vartdalsfjorden kan vente på kva løysing som blir valt for Hafast. Det avgjerande no å avklare status for Ørstafjorden, seier Sunde.

– Korleis vart dette teke imot i Statens vegvesen?

– Mitt inntrykk er at det på ingen måte vart avvist, og at dei er villige til å diskutere. Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med Statens vegvesen tidlegare, og det kjem vi til å få til i desse sakene også. Dei har mange dyktige fagfolk som er opptekne av å få til ei god utvikling, seier Sunde.

Han presiserer at arbeidet er på eit tidleg stadium, og at han no ventar på avklaringar i kommunane om samansetting av styringsgruppe for prosjekta og planar for det vidare arbeidet.

– Det er dei som må får avgjere korleis dei vil legge opp arbeidet.

Framdrift

I tillegg til tunnelen og fjordkryssinga, er det planar om miljøgater gjennom både Ørsta og Volda sentrum.

– For Ørsta sin del snakkar vi då om strekninga mellom Osbrua og Morkabrua. Andre mindre prosjekt, som til dømes flyplasskrysset/Torvmyrvegen, oppfattar eg også som noko som høyrer naturleg til Voldatunnelprosjektet.

Statens vegvesen har starta arbeidet med detaljregulering av Voldatunnelen, og Sunde jobbar for å sende av garde ein søknad om bompengar innan 2018. Planen er å få på plass ein samferdslepakke for Volda og Ørsta som i første omgang omfattar bygging av Voldatunnelen, i tillegg til miljøgate og mindre prosjekt i Ørsta og Volda.

– Kor effektive er slike samferdslepakkar i arbeidet med å nå fram til avgjerdstakarane? Vi ser jo at Ålesund har problem med sin pakke.

– Det har, som du seier, variert litt. Kor effektiv han er, avheng av kor mykje som blir lagt i han. Vi får ikkje alt på dag éin. No ser vi føre oss ei stegvis utbygging der vi i første omgang konsentrerer oss om Volda-tunnelen og det som ligg i tilknyting til denne (t.d. flyplasstilkomst og miljøgater). Og så vil jobbe med den vidare planlegginga av Ørstafjordkryssinga.

Målet til Sunde er at både Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga skal inn på neste Nasjonal Transportplan, med byggestart for Voldatunnelen før 2021, og start for Ørstafjordkryssinga i løpet av planperioden, som går til 2029.

– Vi oppfyller ikkje slagordet vårt om E39 – timen raskare – før vi er framme på Rjåneset. Først då er vi i mål, seier Svein Sunde.