Framlegget, som vert presentert i ein merknad til kommuneplanen for Volda-Furene, inneber ei ekstra rundkøyring i Åsen-krysset ved glattkøyringsbana, i tillegg til den rundkøyringa som er planlagt i samband med Voldatunnelen. Vidare er det gjennom glattkøyringsbana, som er vekkregulert, teikna inn ein veg som knyter seg saman med Torvmyrvegen som går parallelt med flyplassen si rullebane.

– Løysinga vil tilfredsstille omsynet til god flyt til og frå flyplassen også for kollektivtransport. Utrykking til og frå Hovden og tilgang og samanbinding til næringsareala i Furene og Hovden kan etablerast gjennom framlegget som inneber inngrep berre i Ørsta kommune, heiter det i merknaden.

Hjortetrekket

Det vert også peika på at hjortetrekket vert «freda» ved denne løysinga, då det vert lagt opp til langt betre løysingar for leiegjerde.

I merknaden, i samband med andregongshøyringa av kommunedelplanen, har Volda Næringsforum, Ørsta Næringskontor, Maritim Forening Søre Sunnmøre og Stryn Næringssamskipnad også innspel til Voldatunnelen.

– Han må planleggjast i eit langsiktig perspektiv og for den E39-funksjonen han skal ha. Sjølv om prosjektet er berekna å ha netto nytte må ikkje omsynet til å prioritere løysingar som gir minst tap gå føre framtidsretta løysingar, heiter det i merknaden.

Der heiter det også at det er lite framtidsretta å leie E39-trafikken inn i Volda sentrum sin interntrafikk i rundkøyringa ved Vikebygdvegen/Sjukehuskrysset. Toplans-løysing i rundkøyringa eller utanom lokaltrafikken, er synet.