Det har summa jamt bak huset til Sigrid-Anette Vatne i sommar. I hagen står tre kvite styroporkubar som biene flyg til og frå i ein konstant skytteltrafikk.

Det er eit evig og hektisk samarbeid for å sanke pollen og forvandle det til søt honning.

Det heile byrja med at familien hadde lyst å starte eit mjødbryggeri på garden. Honning er den viktigaste ingrediensen i honningvinen, men kostar om lag 200 kr per kilo å kjøpe.

Bier: Her ser ein korleis biene lagar små heksagonale kammer som dei fyller med honning og forseglar med voks. Foto: Kjell Arne Steinsvik

– I vinter var eg difor på birøktarkurs. Der tinga eg to bifolk (bikoloniar, red. anm.) med han som heldt kurset. I mai køyrde eg heim att med to bikubar bak i bilen. Då eg lessa dei av, spurte eg meg sjølv kva i alle dagar eg no hadde starta med, og kva eg skulle gjere når biene faktisk var her. Lærekurva for biehald har vore bratt, men det har gått over all forventing. Det er dei enklaste husdyra eg har hatt.

Sigrid-Anette legg ut om honningproduksjon, kubevedlikehald, dronar, dronningar og sverming, pollen og voks. Det er tydeleg at bier er eit spanande husdyr. Det er fleire i distriktet som driv med birøkting, og dei møtes gjennom Vestre Sunnmøre birøktarlag for å diskutere og dele røynsler om korleis det produktive insektet skal handterast. Bier er eitt av dei viktigaste dyra i økosystemet, og har æra for at store deler av planteriket får øksle.

– I takt med at folk byrjar verte meir miljømedvitne, er det stadig fleire som ser kor nyttige og viktige biene er, særleg for landbruket. Det har mange positive ringverknadar for nærmiljøet.

Satsar på femdobling

Honning: Biene ligg ikkje på latsida, og har laga ein del honning i sommar. Her inspiserer Sigrid-Anette korleis framgangen er i ein av kubane. Foto: Kjell Arne Steinsvik

I dag har dei to opphavlege kubane vorte tre, då ein del utbrytarbier frå den eine kuben gjorde opprør og danna eit nytt bifolk. Målet er å etter kvart kome opp i kring femten kubar. Med kring 25 kilo honning per kube per sesong, kan honningproduksjonen for alvor ta til. Då byrjar andre del i planen: å produsere mjød.

Honning er hovudingrediensen i mjød, ein honningvin med røter fleire tusen år tilbake i tid. I Skandinavia var mjød kjent som gudane sin drikk i vikingtida, og vart brukt i viktige samkomer.

– Mjød var reservert for rikfolk og særlege religiøse hendingar. Arkeologiske funn i Noreg har vist at ein ikkje dreiv med birøkting før seint i middelalderen. Honning var difor noko dei importerte i vikingtida. Det var ei luksusvare, ikkje slik som det vanlege ølet dei drakk.

Viking

I dag er tilgangen til honning langt enklare, men tradisjonen om å lage mjød har nærast forsvunne til fordel for vanleg kornøl. Det er dette Sigrid-Anette ønskjer å gjere noko med. Ho er nemleg ein viking, og medlem av Møre Frie Vikingar og Varda blotslag. I både åsatrua og vikinglaget speler mjød ei sentral rolle, og er ei populær handelsvare.

Vernedrakt: Det gjeld å passe seg når ein arbeider midt blant hundre tusen bier. Det er fort gjort å få eit stikk eller fire. Foto: Kjell Arne Steinsvik

– Mjøden har ein sterk plass i mytologien. Det var vanleg å bruke det i samband med blot. Det er fleire i åsatrumljøet som lagar mjød. Det er der eg har fått det meste av kunnskapen om produksjonen. Vi utvekslar erfaringar og smakar på kvarandre sin mjød, fortel Sigrid-Anette.

På familiegarden på Vatne har dei laga mjød i fem-seks år. Etter ein del eksperimentering, prøving og feiling, har dei no finpussa prosessen og oppskrifta.

– Eg har tidlegare laga øl på maltekstrakt, og mjød var ikkje så ulikt. Den første batchen var eg ikkje heilt nøgd med, men det skremde meg ikkje frå å prøve ein gong til. Fallgruvene med mjød er at ein aldri får to batchar som smakar det same. Grunnen er at ein ikkje kan vite kva planter biene har gått på. Resultatet på mjøden varierer difor veldig med honningen.

Populær drikk

Etter at produksjonskoden vart knekt, greier ho ikkje å produsere mjød raskt nok til alle som vil smake. Tilbakemeldingane har vore svært gode, både frå amatørar og frå profesjonelle kjennarar.

– På middelalderfestivalen i Ålesund vart mjøden teken godt i mot. Ein kan variere med tilsetningar og råvarer, og mjøden utviklar smak og karakterar dess lenger han står. Eigentleg er det slik at dess mindre ein blandar seg i prosessen, dess betre vert han.

På sikt er målet å produsere mjød kommersielt. Sigrid-Anette og partnaren Øystein, har saman med foreldra Olav og Tove-Ann, fått støtte frå Innovasjon Noreg om å starte mjødbryggeri på garden, noko dei er i førebuingsstadiet til no.

Travelt: Alle biene veit kva dei skal gjere, og nølar ikkje med å utføre arbeidsoppgåvene sine. Eit kontinuerleg og effektivt samarbeid mellom fleire titals tusen individ. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Historie

For Sigrid-Anette er mjøden altså ein del av den norske historia som ho syns er viktig å bevare.

– Når vi har vikingmarknad, vert det selt kunst og handverk. Då opnar det ei moglegheit for å selje mjød. Viking-«reenactment» handlar om levande historie. Når vi har helgar der vi møtes og er i viking, legg vi til sides moderne teknologi, kler oss som dei gjorde for tusen år sidan, lagar mat, og syslar med forskjellig arbeid og handverk. Dette gjer eg fordi eg syns historie er kjempespanande. I åsatrua, som er den heidenske greina, har mjøden fått ein status fordi han har ein status i mytologien. Til dømes har ein Suttungs mjød, som skulle gje folk kunnskap.

– Vikinglaga er ein måte å ta vare på historia på. Dette er kultur og historie, som burde vere tilgjengeleg for alle som har interesse for det. Og som det er med anna historie, er det nokre ting frå tusen år sidan som er bra og kan takast med vidare, medan andre ting høyrer heime i historia. Det er mykje interessant som er verd å ta med seg, også for å forstå kvifor landet har utvikla seg som det har gjort.

Travelt: Alle biene veit kva dei skal gjere, og nølar ikkje med å utføre arbeidsoppgåvene sine. Eit kontinuerleg og effektivt samarbeid mellom fleire titals tusen individ. Foto: Kjell Arne Steinsvik