Kring førti personar står på venteliste til påbygging i år, kan rektor Trond Hjelseth på Volda vidaregåande skule fortelje.

– Det er vanleg på denne tida, for det er mange som primært har lyst på læringplassar og søkjer på det. Det har vore dårleg industri siste åra, men no er det ein oppsving, så eg håper bedriftene kastar seg rundt og tek inn fleire lærlingar. Om det ikkje fleire lærlingar vert teke inn, vert det kanskje aktuelt å starte eit påbyggingstilbod til i regionen i haust. Det får utdanningsavdelinga sjå nærare på etter oppteljinga av siste inntaket 10. august, seier han.

Som normalt

Elles kan rektoren fortelje at søkjartala på skulen stort sett er som tidlegare skuleår.

– Elevane fordelar seg fint mellom skulane på Søre Sunnmøre. Vi har heilt normale søknadstal. Bortsett frå påbygging, balanserer det seg, seier Hjelseth.

Nytt studieprogram

Nytt er at skulen i haust får ei halv klasse innan studieprogrammet kunst, design og arkitektur. Det var i utgangspunktet tildelt fjorten elevplassar, men dei 16-17 elevane som søkte på tilbodet, kom inn.

Volda vidaregåande har komande skuleår følgjande linjener: Studispesifisering (4-5 på venteliste), musikk, dans og drama (9 på venteliste), medier og kommunikasjon (eit par på venteliste), kunst, design og arkitektur, og påbygging (kring førti på venteliste).

– Vi er spent på dette nye utdanningsprogrammet vårt. I samband med struktursaka, mista vi service og samferdsel etter skuleåret 2017/18. Det er no samlokalisert i Ulsteinvik. Frå hausten av, er vi dermed ein rein studiespesialiserande skule som ikkje har yrkesfag i det heile teke, seier Hjelseth.

Skulen tek inn 3,5 klasser studiespesialisering som kombinerast med den halve klassa kunst, design og arkitektur, så det til saman vert fire klasser.

På det nye kunst, design og arkitektur-programmet vil det verte brukt eigne lærarkrefter, i tillegg til ein person som skal ha elevane ti timar i veka.

Svarfrist for første inntak var 13. juli, og svarfrist for andre inntak er 6. august. Skulestart er 20. august.