Fredag klokka 11.30 presenterer helse- og omsorgsminister Bent Høie Nasjonal helse- og sjukehusplan. Det er venta at planen tilrår store strukturelle endringar i helsevesenet.

I kapittelet om sjukehusstruktur er to forskjellige scenario sett opp mot kvarandre.

Det første scenarioet legg opp til regjeringa sitt forslag for prinsipp for sjukehusstruktur. Her er det ikkje eit krav at alle akuttsjukehus må ha akuttkirurgi. Lokalsjukehus med opptaksområde under 60.000-80.000 innbyggjarar blir gjort om til akuttsjukehus utan akuttkirurgi.  Minimumskravet for akuttsjukehus blir akutt indremedisin, anestesiberedskap og planlagt kirurgi. Dei sjukehusa som har fødetilbod i dag, skal framleis ha dette.

I dette scenarioet står Volda sjukehus i fare for å miste akuttkirugien, men dette er ikkje gitt på førehand, ifølgje Høie. Alle andre funksjonar blir haldne oppe.

Dette tilsvarar i stor grad dagens tilbod ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid i dag, bortsett frå at Volda framleis skal ha fødeavdeling.

Det andre scenarioet byggjer på ein føresetnad om at sjukehus med akuttfunksjonar skal ha døgnkontinuerleg beredskap i indremedisin, generell kirurgi og anestesi. Med dagens krav til arbeidstid må sjukehusa ha ei bemanning på minst 6–8 generelle kirurgar for å kunne oppretthalde døgnkontinuerleg vaktordning.

I dette scenarioet blir Volda sjukehus omgjort til sjukehus utan akuttfunksjonar eller annan spesialisthelseteneste. Alternativt blir sjukehuset lagt ned.

Helse- og omsorgsministeren legg ikkje skjul på at han tilrår det første scenarioet. Det er også dette scenarioet som byggjer på regjeringa sine tidlegare forslag.

– Men vi kan ikkje gi eit svar på korleis våre prinsipp vil slå ut i praksis på sjukehus. Dette er ikkje ein konklusjon, det er eit scenario. Det avhenger av prosessen ved sjukehusa og i helseføretaka. Det er heller ikkje slik at Stortinget skal bestemme i detalj kva funksjonar sjukehusa skal ha, sa Høie då han presenterte reforma fredag.

Les meir om saka i Møre-Nytt laurdag.