– Dersom ordføraren og dei andre kommunepolitikarane meiner noko med å bevare Volda sjukehus, må dei tenkje nøye gjennom konsekvensane ved å godta denne bustadplanen, seier Henjum.

Saka handlar om ein reguleringsplan med eit nytt bustadfelt rett bak sjukehuset. Det er spesielt nærleiken til sjukehuset og helikopterlandingsplassen – og kva for konsekvensar dette kan få for Volda sjukehus på lang sikt, som uroar Henjum og naboar Møre-Nytt har snakka med.

Det vert reagert på at administrasjonen har lagt inn dette bustadfeltet på det som vert karakterisert som ein nærast usynleg måte overfor politikarane. Naboar meiner at omtalen av bustadområdet i planen er gjort så marginal og diskré at det er nærast umogleg for nokon med allmenn interesse å oppdage det.

Saka vart oppretta i samband med den nye Volda-tunnelen. Då planen vart lagt ut på høyring første gong, var ikkje bustadfeltet inne i planen, men etter andre gongs høyring hadde administrasjonen endra planen frå offentleg område til bustadområde, etter ynskje frå ein grunneigar – og det med ei kortfatta saksutgreiing som ikkje nemner konsekvensane for sjukehuset, slik det vert hevda.

I utgreiinga om bustadfeltet står m.a. dette:

«Etter innspel frå grunneigar er det ynskje om at delar av areal som dei eig vert omdisponert frå offentleg føremål (sjukehusområde) til bustad. Arealet synest vere naturleg utviklingsområde til bustadføremål. Del av gnr. 19 bnr. 29 mellom Bøkevegen, Legene og sjukehusområdet vert lagt ut til bustadføremål med krav om reguleringsplan».

Drastisk

– Eit poeng er at bustadfeltet ikkje har noko med tunnelinnslaget å gjere. Likevel vert eit så omfattande og drastisk inngrep teke med i planen, seier naboar Møre-Nytt har snakka med. Dei viser også til at medan bustadområdet er kommentert svært lite, er andre spørsmål om arealbruk i planen omfattande greidd ut.

Arnfinn Johannes Henjum reagerer sterkt.

– Utbygginga er mykje meir omfattande enn at ein konsulent for eit utbyggingsselskap kan handsame med fritt mandat. Dersom ordføraren og dei andre kommunepolitikarane meiner noko med å bevare Volda sjukehus, må ein tenkje nøye gjennom konsekvensane det har å leggje eit fortetta bustadprosjekt så nært inntil sjukehuset sin helikopterlandingsplass som er ein preferanse for sjukehuset at han ligg rett ved. Om der vert bygd blokker med mange bueiningar bak sjukehuset, må ein rekne med at dei som bur der vil klage på støyen frå helikoptertrafikken, seier Henjum og held fram:

– Ein kan gå ut ifrå at dei fleste nye innbyggjarane ikkje vil vere tilsette ved sjukehuset og dermed ikkje har interesse av å leggje tilhøva til rette for drift av sjukehuset ved mellom anna nærleiken til helikopterlandingsplassen. Det er ikkje å kome utanom at vi som bur i husrekkja bakom det aktuelle området vert vekte av helikopter om natta.

Henjum etterlyser detaljar om korleis utbygginga er tenkt gjennomført. Han meiner politikarane no må forstå alvoret i saka.

– Vert konsekvensane at ein må bruke flyplassen i Hovdebygda i staden, er det så langt unna at pasientar som er henta om bord i helikopteret like gjerne kan flygast direkte til Ålesund. Dette vil i så fall vera ein ny spikar i kista til Volda Sjukehus.

Fryktar

Naboar fryktar at saka no er i ferd med å verte ferdighandsama av Volda-politikarane etter det dei meiner er ei svært kritikkverdig sakshandsaming der det overfor Møre-Nytt vert sterkt antyda at administrasjonen ikkje har følgt normale spelereglar. Naboane, som har hyra advokat, hevdar i eit brev at reguleringsplanen manglar konsekvensutgreiing og planprogram, og at saksutgreiinga manglar ein gjennomgang av «vesentlege» spørsmål.

I dag er det dispensasjon for helikopterlandingsplassen til sjukehuset.

– Når neste dispensasjon skal søkjast, i 2018, kan bustadene vere bygde, og då er det for seint med ei konsekvensutgreiing. Dette må difor gjerast før det vert bygd. Viss ikkje dette skal konsekvensutgreiast, kva skal då konsekvensutgreiast, spør naboane.

I neste konsesjonsrunde vil det, ifølgje naboane, kome krav om at helikopter skal kunne nyttast i all slags vêr.

– Dette vil seie at dei nye helikoptera må ha avising-funksjon, noko som krev større motorar som gjev meir støy, seier naboane.

Svar

I eit svar frå administrasjonen til bebuarane, gjennom advokat, seier kommunen at dei har eit sterkt engasjement knytt til Volda sjukehus, og at dei i alle planprosessar knytt til arealbruk og funksjonar i og ikring sjukehusområdet har søkt å sikre løysingar som varetek sjukehuset sine interesser og arealbehov.

Det vert også vist til at i spørsmål om endra bruksføremål har Helse Sunnmøre fått saka til uttale utan innvendingar, og at kommunen såleis har lagt til grunn at omdisponeringa av sjølve arealføremålet ikkje er i konflikt med sjukehuset sine interesser eller arealbehov.

Det vert forsikra at planprosessen vert god.

– Slik planprosessen er lagt opp, skal det i denne første planfasen gjevast innspel til ein plankonsulent/tiltakshavar. Dei utformar eit framlegg til plan som så langt mogleg varetek både utbyggjar sine ynskje om utbyggingsvolum og interessene i tilgrensande bumiljø på ein god måte, seier rådmannen.

Han gjer det klart at dersom planframlegget kan kome i konflikt med overordna omsyn til sjukehuset si drift og framtidsretta sjukehustilbod, kan det vere aktuelt å avvise planframlegget.