35 ungdommar frå Lauvstad-området ber no om at ferjekaia for Lauvstad-ferja vert flytta frå Volda sentrum til Eikrem. Dei skriv dette i ein merknad til høyringa om saka som no er ute.

Det er fylkeskommunen som gjennomfører høyringa, etter at samferdselsutvalet i vår vedtok å leggje ei sak om flytting av ferjekaia for Lauvstadsambandet frå Volda til Eikrem ut på høyring.

I fråsegna skriv ungdommane at felles for dei alle er at dei er inne i ein etablerings- og utdanningsfase.

- Må flytte

– Grunna dårleg ferjetilbod Lauvstad–Volda vart vi nøydde til å flytte til utdannings/arbeidsstaden (som Ulstein- og Ålesundsområdet). Vi hadde aller helst sett at vi kunne bu heime, skriv Lauvstad-ungdommane i fråsegna.

Dei er overtydde om at med eit betre ferjetilbod ville det ha vore mogleg å bu heime på Lauvstad under utdanninga.

Når ungdommane vert ferdig med utdanninga, er det fleire som ynskjer å busetje seg på Lauvstad.

– Og vi kan arbeide på forskjellige stader på Sunnmøre eller i Nordfjord. Dette er mogleg å få til ved eit betre ferjetilbod over Voldsfjorden. Vi støttar difor initiativet som er teke for å flytte ferja Lauvstad–Volda til Lauvstad–Eikrem. Vi får då vesentleg betre frekvens, lenger opningstid og kortare overtidstid på ferja. Dette vil gjere det mogleg å dagpendle på arbeid til eit stort område, heiter det i fråsegna.

Ber politikarar ta tak

Lauvstad-ungdommane ber politikarane i Volda snarast råd om å starte arbeidet med å få flytta ferjekaia.

– I motsett fall må vi flytte frå Lauvstad og kommunen for å busetje oss der vi arbeider, seier ungdommane.

Også Lauvstad og Velsvik grendeutval meiner tida er moden for eit betre ferjesamband. Overfor Volda-politikarane argumenterer dei for betre samfunnstryggleik, større arbeidsmarknad og ein ikkje uvesentleg miljøgevinst.

– Vi vil at Volda kommune snarast råd tek til å arbeide for å få ei ny ferjekai på Eikrem, slik at det også i framtida kan bu folk her på vestsida, heiter det i fråsegna frå Lauvstad og Velsvik grendeutval.