Miljøfyrtårn-ordninga vert støtta av Miljødepartementet, og er ei sertifisering som vert tildelt verksemder som viser at dei driv med spesielt fokus på å ta vare på omgjevnadene sine.

– Det er heile 84 krav som må oppfyllast for å verte sertifisert, og det kan vere vanskeleg å få til, seier Magnar Selbervik i Ørsta kommune.

Både han, ordførar Rune Hovde og senterleiar Peder Lid hadde teke turen til Vinmonopolet på Amfi for å overrekkje heideren til dagleg leiar Anne Karin Brautaset Bae og hennar tilsette tysdag.

Konsernmål

– Det er sjølvsagt veldig kjekt å få Miljøfyrtårn-godkjenninga. Dette er eit prov på at vi har gjort rette miljøgrep både på lokalt og sentralt hald, seier Bae.

Ho fortel at miljøsertifisering er eit landsdekkjande mål for heile konsernet. Medan den overordna leiinga effektiviserer transport, materialbruk og tiltak opp mot arbeidstakarane, legg også dei lokale butikkane ned ein heiderleg innsats.

– Vi kjeldesorterer avfall, har omnar med straumsparande nattfunksjon, nyttar sparepærer, brukar færrast muleg bilar ved reising, og har effektive HMS-rutinar. Det er enkelt å vere miljøbevisst her på Amfi-senteret sidan alt ligg så bra til rette, særleg for avfallshandtering, seier den daglege leiaren.

Dersom ein også tek med tilbodet om økologisk vin, ser ein at ringen er slutta.

Håper på fleire

Frå før er det Princess, Ørsta vidaregåande skule, ENØK-senteret og skyssbåten Hjørundfjord som kan smykke seg med Miljøfyrtårn-tittelen.

No har også Vinmonopolet fått sertifisering, og både Selbervik og Lid håper det vert fleire i framtida.

– Ørsta kommune ønskjer å markere at det er best å velje miljøvennlege alternativ. Vi har mellom anna som mål å sertifisere fleire lokale einingar, seier fyrstnemnde.

– Vi håpar sjølvsagt at fleire butikkar her på Amfi kan få Miljøfyrtårn-utmerkinga. Det er også i tråd med det fokuset vi har i samband med utbyggingane, der vi til dømes vel energisparande ljos og fleire andre tiltak i same gate, seier Lid.