Å halde liv i eit symfoniorkester på ein liten stad som Volda har kravd idealisme, fantasi og ein god dose publikumsfrieri. Det veit dei tidlegare dirigentane Helge Hamsaas og Nils Ose alt om.

– Vi er det einaste orkesteret i heile landet på høgskule og universitetsnivå som har hatt kontinuerleg drift. Ikkje eingong musikkhøgskulen eller universitet med musikkutdanning har klart det. Andre stader er det berre prosjektorkester, seier Helge Hamsaas, som har studert den 70- årige orkesterhistoria.

Det byrja med ein harding. Ingemar Fotland, frå Hardanger, tok lærarprøva ved Volda lærarskule i 1929. Her opplevde han det rike musikkmiljøet i den blømande «kulturstaden». I 1947 kom Fotland tilbake til Volda, og byrja som musikklærar ved lærarskulen. Han hadde tatt dirigentutdanning, og ville ha sitt eige orkester.

–Han hadde det klart føre seg at dersom han skulle få det til måtte skulefolket og bygdefolket samarbeide, seier Helge Hamsaas.

Skulen kunne stille både med musikalske studentar og lærarkrefter. Bygda hadde hornmusikk, og flinke musikarar som Trygve Vassbotn og Jon Røys.

Orkesteret var ikkje redde for å spele på utradisjonelle plassar, slik som då Volda Mek. skulle ta i bruk den nye verkstadhallen i 1950.

Dirigent Ingemar Fotland tok i bruk eit nymotens ord for å få opp publikumsinteressa.

– Eg trur med kjem nærmast med å bruke uttrykket «show», sa han til Møre

Show

Show vart det, med mellom 1.400 og 1.500 tilhøyrarar i verkstadhallen. Konserten varte i fire timar. Møre sin meldar takka for «ei gild kveldstund», men meinte at konserten hadde vore i lengste laget, sidan trebenkane i lokalet var veldig harde å sitte på.

Helge Hamsaas fortel: «Eg hugsar at dei dreiv å køyrde desse benkane utan rygg alle stadar ifrå. Orkestret var veldig flinke til å ta spelejobbar der det var mogeleg. Og dei var kreative og etablerte mellom annan eit nytt omgrep som heitte «nattiné», der dei hadde konsertar som byrja i 11-tida på kvelden. Det var operettar som Showboat, Oklahoma, og Annie get your gun, med kostyme og masker. Det fall nok rektor Kårstad litt tungt for brystet at lærarskulen vart ein show-arena. Men du verda kor mykje publikum som var der. Orkesteret har alltid vore publikumsvennleg».

Samarbeid

Det har vore tallause konsertar saman med lokale musikkrefter, slik som ein gong i Bondalen. Doktor Hame var dirigent for koret. Han var tysk og repertoaret deretter. Eit kvinneleg kormedlem kom med eit hjartesukk til orkesterdirigenten frå Volda: «Veit du. Vi kjeme bortai fjøsa, og så må me til å synge latin.»

–Men då ho fekk vite at det var norske songar denne gongen vart ho letta, fortel Helge Hamsaas.

I Volda var konsertane oftast på Lærarskulen, i Ørsta på «Idavollen»,

– Konsertane på «Idavollen» var veldig populære, og dei la grunnlaget for eit flott samarbeid med musikkmiljøet i Ørsta. Det er ikkje få ørstingar som har vore i orkesteret, seier Hamsaas.

Banda mellom ørstingar og voldingar vart knytte ekstra tett på turnear, saman med kor frå Ørsta. På 50-talet leigde dei rutebåten «Sunnfjord», og drog på langtur til Hardanger.

Ose-brørne

Nils Ose er ein av ørstingane som har vore med lenge, saman med broren Knut. Pionerane var skreddarane Oddmund Gran og Ola Lingås, og Magnar Melle, som var med i fleire tiår.

– Eg byrja på lærarskulen i 1958, og tok til å spele i orkesteret. Det var svært. Eg spelte trompet i lag med han Stein Berg Rusten. Knut hadde byrja året før, og han spelte fele, fortel Nils Ose.

Etter kvart vart Nils Ose musikklærar på Lærarskulen. Rundt 1970 var det hans tur til å vere dirigent. Denne tida byrja orkesteret med nasjonal festkonsert på 17. mai, med Griegs A-mollkonsert som fast innslag.

– Eg var skeptisk men det vart ein suksess, seier Nils Ose.

Lista over solistar på A-mollkonserten inneheld alle store norske pianistar.

– Vi har hatt heile noregseliten pluss litt til. Og det er ikkje berre på 17-mai. Kjennemerket har vore at vi har hatt profesjonelle solistar. Så det har alltid vore noko å strekkje seg etter for orkesteret, seier Helge Hamsaas.

I 1989 var 17. mai-solisten ein 17-åring som Nils og Knut Ose hadde treft og blitt kjent med på ei samling for unge talent. Namnet var Leif Ove Andsnes.

– Vi fekk han hit, og han budde med han Knut. Hadde vi ikkje fått han då så hadde det aldri blitt. For det gjekk ikkje lenge før karrieren hans gjekk til himmels, seier Nils Ose

Under øvinga oppdaga dei at flygelet mangla ein bass-streng. Musikkhandlar Bjerkvik i Ørsta fekk oppdraget med å skaffe ny, men det var pinse og langhelg, så det var problematisk.

–Eg trur han var rundt og sjekka kvart einaste flygel i området for å finne ein streng han kunne bruke, men det gjekk ikkje. Då seier Leif Ove Andsnes til meg og orkesteret: «Ikkje stress, det er ingen andre enn meg som kjem til å høyre det.» Det stemte det, og han spelte utan basstrengen, fortel Helge Hamsaas.

Bølgedalar

Å finne folk til å spele på instrumenta som eit bestemt musikkstykke krev kan vere utfordrande. Spesielt oboistar er vanskeleg å oppdrive. Ein kar som orkesteret hadde litt tru på vart sendt på kurs, men der fekk han beskjed om at «han like godt kunne spele på eit grasstrå», i følgje Helge Hamsaas. Det vanlegaste instrumentet er fele, men det må mange til av dei. Helge Hamsaas fortel:«Besetninga har vore mellom tretti og nokre og førti, men eg har og vore med på over 50, for det har vore nokre gullår med studentar. Det var krise ofte, men så innleidde vi eit samarbeid med Ålesund, og lånte folk av kvarandre. Og så fekk vi trådar inn på utdanningsinstitusjonar, og det kom både studentar og proffe derifrå for å vere med på konsertane. Og no ser vi at det kjem mange unge frå kulturskulane både i Ørsta, Volda og Herøy og Eid. Plutseleg er det fullt av unge strykarar, på høgt nivå. Og vi har ein proff konsertmeister i Øyvind Skatvedt Robak. Så nivået er heva.»

70-årsdagen skal feirast med fest og konsert i Volda 25. november.

– Korleis har orkesteret overlevd så lenge?

–Skulen sine krefter har gitt av seg sjølv, for å få det til å svive, og det har ikkje kosta skulen noko særleg. Vi rekna ut timeløna då eg og Nils var dirigentar og kom til at det var 22 kroner, seier Helge Hamsaas.