1. januar  kom nye reglar for antibiotika på plass. Før var reseptar på antibiotika gyldige i eit heilt år Dette er no redusert til ti dagar. Målet er til sjuande og sist å motverke at vi får fleire motstandsdyktige bakteriar.  Før kunne ein i praksis ha ein antibiotikaresept liggande til gode i skuffa, og bruka han seinare, det blir det slutt på. For medisin på blå resept gjeld framleis andre reglar.

Motstandsdyktige bakteriar i Ørsta og Volda

Kommuneoverlege i Volda og Ørsta, Arne Gotteberg fortel at vi ikkje er skåna for antibiotikaresistens her lokalt heller.

Dei som treng skal få Arne Gotteberg påpeikar at dei som treng antibiotika skal få det, men at ein må vere restriktiv. Foto: Marius Myklebust

– Vi har pasientar med delvis resistente bakteriar også i Volda og Ørsta.

Han beskriv ei trapp med ulike typar antibiotika. Det som før kunne tas knekken på med medisin på det lågaste trinnet, må ein no nokre gonger opp fleire trinn for å få has på. Dette er antibiotika som eigentleg er reservert for spesielle tilfelle av alvorleg sjukdom.

Noreg har som mål å kutte antibiotikabruken med 30 prosent innan 2020 samanlikna med 2012-nivå.

– Tidlegare var det litt sånn at antibiotika av og til kunne bli brukt «for sikkerheits skuld». Det vart mellom anna nytta dersom ein som lege var usikker på kor alvorleg eit sjukdomstilfelle var. Ein ville vere på den sikre sida, seier Gotteberg.

Forskar meiner vi bør få tredagars-kurar

Overlege og antibiotikaforsker Dag Berild sa følgjande til dagensmedisin.no :

– Ein studie av mild og moderat lungebetennelse viste at tre dagers behandling var like effektiv som åtte dagars behandling. Her er det mykje å hente på å korte ned behandlingstida.

Tre dagar er langt kortare tid enn det som til no har vore vanleg praksis, nemleg at ein heller behandlar litt for lenge, for å vere sikker på å få effekt.

Vil ha meir tolmodige foreldre

Arne Gotteberg fortel at legestanden generelt, er opptatt av å minske bruken av antibiotika. Han oppfordrar foreldre og andre pårørande til å vere med på den tilrådde endringa.

– Det er viktig å ha tillit til at mykje går over av seg sjølv. Naturen har ei helbredande kraft som vi må la få sleppe til, meiner kommuneoverlegen.

Han presiserer at sjølv om motstandsdyktige bakteriar er alvorleg, bør ikkje folk bli redde – det er framleis mogeleg å behandle dei fleste bakteriar med antibiotika. Men, det er ofte vanskelegare enn før.