Det seier Linda Eiken. Men slikt må nok leve med når ho er saman med den største svineprodusenten i Ørsta.

Arbeidet med den nye fjøsen har heldt på sidan april i fjor, og tysdag denne veka vart purkene frakta frå Tresfjord til nybygget med ein prislapp på sju millionar kroner på Krøvelen i Åmdalen. 28 i talet, over dobbelt så mange som dei 12 purkene bonde John Magne Krøvel fekk plass til i gamlefjøsen nedom vegen.

Etter litt skepsis over lastebillemmen, går purkene velvillige inn i fjøsen. Bortsett frå ei. Men etter litt overtyding, blir ho også med på selskapet.

Høgteknologisk

Her er det mykje høgteknologi. I tillegg til den allereie nemnde vassborne golvvarmen, er det mellom anna montert automatisk, datastyrt fôringsanlegg.

– Og så må du få med at alle bingane har eigen dusj, skyt Johan Krøvel, far til John Magne, inn.

– Den slår inn over ein viss temperatur. Det er ikkje heilt som ein dusj, meir ei vasskodde, seier John Magne.

Gjødsla, eller driten, blir automatisk frakta ut av fjøsen. Det er iallfall det som er meininga.

– Eg er spent på om dei gjer frå seg over rista som dei skal. Om dei gjer det framme i bingen, ser eg litt mørkt på dette, seier John Magne lurt.

Kontor og sovesofa er det også funne plass til. Det blir nemleg ikkje mykje nattesøvn når 28 purker skal føde i løpet av éi veke.

– Av ein eller annan grunn føder dei alltid om natta. Kanskje det er fordi dei blir inseminerte på dagtid, seier Johan.

Det er slett ikkje alt som har gått etter planen. Både ein utstyrsleverandør og byggefirmaet Nordfjord Bygg gjekk konkurs medan arbeidet heldt på.

– Vi leid ikkje nokon store økonomiske tap på grunn av det. Men det har gjort det vanskeleg å finne delar, og ført til ein del irriterande meirarbeid, seier John Magne.

Det var også eit poeng for han at mest mogleg av fjøsen er «norsk».

– Det er delar frå utlandet her, men alt er iallfall kjøpt av norske selskap. Det blir hyklersk om bønder skal krevje at folk kjøper norsk mat, og så skal vi ikkje velje norsk når vi skal få gjort noko sjølve.

2.200 i året

Med dei 28 purkene på plass, er berre halve fjøsen i bruk. Det er nemleg eit spesielt system i moderne svineproduksjon.

– Vi er med i det som heiter Rypdal Purkering. Dei 28 purkene kjem ferdig inseminerte frå «hovudkvarteret» i Rypdal i Tresfjord. Så føder dei her, og er saman med ungane i 10–11 veker. Deretter kjem nye 28 purker til oss, og dei gamle blir frakta tilbake til Rypdal. Smågrisen blir att i eine delen av fjøsen, medan dei nye purkene er i andre halvparten. Etter ti-elleve veker blir grisene selde som smågris, eller flytta ned til gamlefjøsen for å bli avla fram til slaktegris. Det gir plass til nye purker, forklarer Krøvel.

Med 28 purker i gongen, og seks og eit halvt innsett i året, skal det fødast rundt 2.200 grisar i året i den nye fjøsen på Krøvelen.

Ei framtid som grisebonde

– Du ser iallfall ut til å ha trua på ei framtid som bonde når du satsar på denne måten?

– Ja, eg trivst godt som svineprodusent. Grisene er tillitsfulle og kjekke dyr å ha med å gjere. Eg har jo tent pengar på det til no, og det skal eg gjere framover også. Eg har absolutt tru på ei framtid for norsk landbruk. Vi må jo ha mat. Og så har eg jo god hjelp frå familien, sjølv om eg likar best å styre på for meg sjølv.

Moderne og effektiv drift er likevel avgjerande for å lykkast, meiner Krøvel.

Dersom ein skal vere bonde, må ein gå heilhjarta inn for det. Slik landbruket er i dag, må ein satse litt for å lykkast. Då er det naudsynt med ein moderne fjøs.

PS: Om du lurte: Det tok om lag ti minutt før lukta av måling og murpuss i den nye fjøsen måtte gi tapt mot den gode gamle, gardslukta.