Problemet kring pengar frå internasjonal mafia og spelarar som satsar beløp på kampar dei sjølve er involverte, i har fått mykje spalteplass i media den siste veka.

Ballen starta å rulle etter at det vart sådd mistanke om skite pengespel kring kampen mellom Ull/Kisa og HamKam i fyrste divisjon førre søndag.

Det er fyrste gang problemet vert teken på alvor i Noreg, og spørsmålet no er kor omfattande kampfiksingskandalen er, og kor ofte slikt skjer ned i dei lågare divisjonane.

NFF vurderer lågare divisjonar

Dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrets opplyser at dei har fokus på kampfiksing, men at der enno ikkje fins noko system for å avdekke ureint spel i dei lågare divisjonane.

Slike tiltak fins derimot i toppfotballen, og no fortel Haukeberg at Norges Fotballforbund (NFF) vurderer å starte overvaking av også dei lågare divisjonane frå hausten av.

Det trur leiaren i Sunnmøre fotballkrets vert svært vanskeleg å få til.

– For det fyrste trur eg dei lokale klubbane vil vere negative til å måtte betale dyrare kontingentar for å løne ein person som skal drive overvaking. Samstundes trur eg vi må passe på så vi ikkje øydelegg fotballen sitt gode namn og rykte. Der kan rett nok vere mange «rare» resultat nedover i divisjonane, men viss vi skal byrje å mistenke kvarandre kvar gong det vert eit uvanleg sluttresultat så vil det vere drepen for heile fotballen, seier Haukeberg.

Tillit

Likevel – kretsleiaren seier det er naivt å tru at det ikkje skjer resultatmanipulering via tippeselskapa også her på Sunnmøre.

– Det står i fotballen sitt regelverk at korkje lagleiarar, dommarar eller spelarar kan tippe på resultat som involverer eige lag, eller motstandaren.

– Men de får ikkje handheva dette i praksis?

– Nei, sidan vi ikkje har noko system for det, må vi lite på at kvar enkelt følgjer dei etiske retningslinene.

– Kva er straffa dersom de oppdagar at nokon bryt reglane?

– Det spørst kor alvorleg lovbrotet er. Det kan vere alt ifrå irettesetjing til bøter og utestenging. Dersom vi fattar mistanke om kampfiksing, er vegen til politiet svært kort, seier Haukeberg.

Dagleg leiar Bjørn Oskar Haugeberg i Sunnmøre fotballkrets.