Det seier leiar Per Bjerke i Ørsta Jeger- og fiskeforbund (JFF).

Fram til i år har Bjerke & co drive stamfiske med not i utløpet av Ørstavassdraget.

– Vi har gjort det på vår måte i alle år, og det tykkjer vi har funka bra, seier han.

Fylkesmannen har på si side eit anna syn på korleis stamfisket skal gjennomførast.

– Dei vil at vi skal slutte å gjennomføre stamfisket med not, og heller nytte stong.

Løyve

Bjerke stadfestar at partane i Ørsta vil gå med på fylkesmannen sine føringar, noko som utløyser eit kompromiss.

I eit brev frå sistnemnde til Ørsta JFF og Ørstavassdraget elveeigarlag, vert det nemleg stadfesta at Bjerke & co får løyve til å fange stamfisk av laks – meir konkret 15 fisk av kvart kjønn.

– All stamlaks skal fangast i Follestaddal-delen av Ørstavassdraget, oppstraums Høgebrua. Laksen skal oppbevarast i plastkar på stamfiskstasjonen, Osøyra og rogna skal leggjast inn i Ørsta JFF sitt klekkeri, skriv fylkesmannen.

Leiinga gjev også sju generelle føringar, der ein mellom anna nemner meldeplikt til politiet, varsling av grunneigarar, behandling av fisken, tidspunkt og meir.

Evaluering

– Er det ei god løysing Fylkesmannen har kome opp med, Bjerke?

– Det har eg ingen kommentar til. Vi må følgje føringane som kjem ovanfrå for å få lov til å halde på med stamfiske, men vi skal ta ei evaluering etter sesongen. Då vil vi få sjå kor god løysinga var, seier Bjerke.