– Det var oppryddingsarbeidet i etterkant som forårsaka raset som trefte masta – ikkje sprenginga, seier Eldholm.

Han opplyser til Møre-Nytt at kjempeblokka lausna då dei skulle reinske berget med maskin to timar etter skytinga.

– Ein av steinane trefte masta, men vi hadde heldigvis kopla ut kraftlinene på førehand, i tilfelle uhellet skulle vere ute i samband med sprenginga.

Eldholm stadfestar deretter at ingen missa straumen, men at dei lokale småkraftverka får merke konsekvensane i forma av strupa produksjon.

– Vi får ikkje transportert all straumen, og nokre av kraftverka vert dermed redusert.

Tapte inntekter

Småkraftprodusent Trond Ryslett er ikkje særleg imponert over Tussa sine metodar.

– Eg regner med det økonomiske vert ordna opp i, slik at vi ikkje vert skadelidande for slik dårleg planlegging. Dette er ikkje noko uhell, men rett og slett russisk rulett med andre sine pengar, seier han i ein e-post.

– Tussa seier det er opprenskingsarbeidet og ikkje sprenginga som har skulda?

– Det er ei rein tilfeldigheit. Ein ser no på bildet kor mykje stein som flyg og plaskar ned i vatnet, så det var berre spørsmål om når masta skulle verte treft. At det ikkje skjedde allereie ved den fyrste salven er rett og slett berre flaks, seier Ryslett.

Framleis farleg

Eldholm tør ikkje slå fast når kraftlinene kan vere oppe og gå igjen.

– Vi kan ikkje kople på att kraftlinene slett enda, og vi har byrja å jobbe med alternative løysingar. Det er heller ikkje trygt å vere i sprengingsområdet, ettersom det framleis er fare for steinras.

– Kjem småkraftprodusentane til å få kompensasjon for tapt produksjon?

– Det vert ei forsikringssak, og er for tidleg å seie noko om på dette tidspunktet.

Driftsingeniør Tormod Eldholm i Tussa.
Småkraftprodusent Trond Ryslett er ikkje imponert over Tussa.