Legg ein nedbørsdagane i juni og juli saman har det vore nedbør 49 av 61 dagar.

Arild Stokke har i mange år vore interessert i å måle vêret i Ørsta. At årets sommar har vore unormalt kald og våt kan målingane frå vêrstasjonen hans bekrefte. Han har loggført nedbør og temperaturar kvar dag i juni og juli, og resultata viser store avvik frå fjorårets vidunderlege sommar.

Juni

– Det kom 131 mm nedbør i juni. Normalen er 93. Det kom mest nedbør, 24 mm, 10. juni. Totalt var det 24 dagar med regn i junimånad, opplyser Arild Stokke.

Med tanke på temperaturen i juni, viser målingane til Stokke at snittemperaturen var 10,3 grader, som er 1,7 grader under normalen.

– Lågaste temperatur i juni var 4,0 grader og vart målt 1. juni, og maksimumstemperaturen i juni var 19,6 grader og vart målt 21. juni.

Med andre ord var der ikkje målt ein einaste dag med temperatur over 20 grader i juni i år, til stor kontrast frå juni i fjor, der stasjonen hans målte ni dagar med temperatur over 20 grader.

Juli

Totalt vart det målt 124 mm nedbør i juli. Normalen for nedbør denne månaden ligg på 116 mm. Mest nedbør, 23 mm, vart målt 19. juli.

– Samanlagt var det 25 dagar med nedbør i julimånad.

Snittemperaturen i juli var 13,1 grader, som er 0,2 under normalen.

– Lågaste temperatur i juli, 3, 3 grader, vart målt 17. juli, og høgste temperatur i juli var 30, 1, og vart målt 2. juli.

Totalt målte stasjonen til Arild Stokke seks dagar med temperatur over 20 grader i juli. Dette er stor forskjell frå juli i fjor, som hadde heile 23 dagar med temperaturar over 20 grader.

Normalt er det 968 mm nedbør frå januar til juli. Innan juli var omme i år var det allereie målt 1383 mm nedbør. Det vil seie at det til no har vore over 400 mm meir nedbør fram til juli, samanlikna med normalen.

– Det er vel sjølvsagt at ingen er særleg glad i dette vêret. Men ekstremt unormalt er det ikkje, meiner Stokke.