– Dette er ei av dei viktigaste sakene i denne valkampen, og mykje viktigare enn kommunereforma, seier Stein Aam, ordførarkandidat for Ørsta Senterparti.

Tysdag var partiet sin førstekandidat til Fylkestingsvalet, Kristin Sørheim, på besøk i Volda. Framtida til Volda sjukehus stod øvst på agendaen.

I haust skal nemleg helse- og omsorgsminister Bent Høie legge fram den nasjonale helse- og sjukehusplanen, som mellom anna kan få konsekvensar for lokalsjukehusa i landet. Høie har allereie varsla at mange mindre sjukehus kan miste akuttkirurgitilbodet sitt.

– Om vi skal høyre på det Høie har sagt før, så skal sjukehusa med akuttkirurgi ha pasientgrunnlag på mellom 60.000 og 80.000 i framtida. Då er Volda sjukehus i faresona, seier Sørheim.

Motmelding

Senterpartiet har sett ned eit utval som skal kome med ei motmelding til helseministeren sin plan. Sørheim sit i utvalet saman med mellom andre Per Olaf Lundteigen.

– Vi byggjer meldinga vår på faglege råd og innspel frå ulike fagmiljø, seier Sørheim.

Sp ønskjer mellom anna å avvikle føretaksmodellen og tilbakeføre lokal, folkevalt styring av sjukehusa.

– Stortinget må fastsette kva eit lokalsjukehus er, og det må som eit minimum innehalde akuttfunksjonar i kirurgi og indremedisin, anestesi, røntgen og diagnostikk.

I tillegg ønskjer partiet å fjerne den såkalla stykkprisfinansieringa, der sjukehusa får ein sum pengar per pasient dei behandlar.

– Vi vil ha rammestyring, som gir sjukehusa stabile økonomiske føresetnader.

Vil ha Høgre på banen

Senterpartiet har avgrensa makt på Stortinget, men håpet til Sørheim er at ei folkerørsle skal hindre nedlegging eller svekking av lokalsjukehusa.

– I førre veke var det ein demonstrasjon mot planane i Oslo. Slikt vil vi nok sjå meir av.

Stein Aam meiner på si side at engasjementet for Volda sjukehus blant lokalpolitikarane er for dårleg.

– Dei lokale Høgre-politikarane er veldig stille i denne saka. Eg vil ha dei på banen, og få avklart om dei meiner Volda sjukehus er verdt å kjempe for, seier Sp-veteranen.