– Både Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga kjem til å havarere dersom begge skal med i bompengesøknaden, sa Jørgen Amdam då han orienterte om Voldatunnelen i Volda formannskap tysdag.

Han gir dermed ei klar melding til Ørsta kommune, som har vore tydelege på at dei ønskjer at Ørstafjordkryssinga skal vere ein likeverdig del av ein felles samferdselspakke for Ørsta og Volda.

– Det er uavklarte spørsmål rundt kva trasé nye E39 skal ta frå Ørsta/Volda til Hareid- landet, og kor vidt Ørstafjord-kryssinga blir del av nye E39. For meg verkar det svært komplekst om vi skal blande dette prosjektet inn i denne bompengerunden, seier Amdam.

Han argumenterer dermed på linje med det Statens vegvesen meiner, nemleg at Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga skal kome som ein totrinns- rakett. I den første bompengesøknaden skal då Voldatunnelen og nokre mindre samferdselsprosjekt i Ørsta og Volda vere med. I ein ny bompengesøknad, som då blir fase 2 av samferdselspakken, skal Ørstafjordkryssinga vere det berande prosjektet.

Usemje

Både ordførar Stein Aam og mange andre i Ørsta kommune er usamde i dette, og ønskjer i staden at Ørstafjordkryssinga skal vere med så tidleg som mogleg, og i første fase.

Voldatunnelen ligg no inne i periode 2 av Nasjonal Transportplan for 2018-2029, med bygging mellom 2024 og 2029.

– Vi held oss til dei vedtaka som er gjort i Volda kommunestyre. I bompengeprosjekt er det slik at i den augneblinken Stortinget har vedteke bompengesøknaden, kan vi begynne å forskottere kostnader, og forsere bygginga. Bompengesøknaden til Stortinget har dermed førsteprioritet no, sa Amdam.

Arbeidet med reguleringsplanen har gått føre seg for fullt det siste året. Amdam orienterte formannskapet om at framlegget til plan frå Statens vegvesen er noko forseinka, men at det er like rundt hjørnet.

– Då startar den kommunale handsaminga, og vi vil få han sendt ut til offentleg ettersyn.

Vil vurdere framtida til pakken

Odd A. Folkestad (Frp) har vore den fremste kritikaren i Volda-politikken av bompengesamarbeidet med Ørsta. Han heldt på mykje av denne kritikken i formannskapsdebatten, særleg med tanke på Ørstafjordkryssinga.

– Ørstafjordkryssinga har ikkje heimel i noko regjeringsdokument. Når styringsgruppa for samferdselspakken blandar seg inn i trasévalet for E39, kan det bli oppfatta som ein omkamp om E39-traseen. Det er veldig uheldig for Volda. Vi bør evaluere statusen for fellespakken med Ørsta, og vurdere om det er andre modellar som er vel så tenlege, sa Folkestad.

Han la til at han trur nabokommunane i øyane også oppfattar diskusjonen om Ørstafjordkryssinga som omkamp.

– Det er ganske alvorleg at vi blir oppfatta som uvennlege i øyane. Volda har køyrt eit reint løp lenge i denne saka, som gjer at vi har fått ei prioritering av Voldatunnelen. Det er viktig å bevare, sa Folkestad.

Både han og Dan Bjørneset (H) kritiserte at det har kome svært mange prosjekt inn i bompengeppakken.

– Alle desse ønskelisteprosjekta slår uheldig ut, sa Bjørneset.

– Til Ørsta sitt forsvar må eg få seie at det Statens vegvesen som har utarbeidd denne lista. Dei har teke inn alle prosjekta i området dei ikkje har finansiering på. Ein av dei sentrale jobbane for oss i styringsgruppa blir å kutte i denne lista, og finne dei prosjekta vi vil prioritere, svartte ordførar Amdam.

Saka i formannskapet var ei orienteringssak, og det vart ikkje gjort noko vedtak.