– I starten av 2015 såg vi nok ikkje korleis den økonomiske nedturen i Noreg kom til å påverke oss. Difor fekk vi eit meir utfordrande år enn venta, seier salssjef Frode Sporsheim i Fora Form.

Møbelprodusenten, med base i Ørsta, er del av eit børsnotert konsern. Rekneskapstala er difor ikkje offentlege før børsmeldinga frå konsernet blir sendt ut i februar.

Greitt ut

Sporsheim forsikrar likevel om at dei kom greitt ut av året.

– Vi har æra i behald, for å seie det slik. Det er ingen grunn til å krisemaksimere. Men vi har teke ein del grep, og det har medført at vi har redusert bemanninga etter behov, seier han og legg til:

– Vi hadde faktisk ein større ordrereserve ved inngangen til 2016 enn på same tid i 2015. Utfordringa ligg i at marknaden ser vanskelegare ut no. Avisoppslaga for tida er jo til å bli deprimert av. Men vi er ved godt mot, og skal jobbe hardt framover.

Oslo lufthamn

Fora Form har 85 prosent av aktiviteten sin i den norske marknaden. Den låge kronekursen har difor lite å seie for verksemda – førebels.

– Men vi ser moglegheiter her, og kjem til å jobbe meir aktivt med eksport i 2016. Sjølv om året har vore krevjande, har Fora Form også vunne viktige kontraktar.

Bedrifta vann mellom anna ein fireårig rammeavtale med Avinor i fjor haust, som medfører at den nye piren ved Oslo lufthamn får møblar frå Ørsta.

– Den avtalen er ein av fleire som gir oss eit godt grunnlag for å starte året. Vi ser også moglegheiter for å vinne fleire kontraktar i denne marknaden, og då er denne avtalen god å ha og vise til. Sjølv om Oslo lufthamn er viktig, lever Fora Form stort sett av mange små oppdrag, ikkje nokre få store kontraktar.

– I dag er alle prosjekt like viktige. Det er like krevjande å vinne eit lite prosjekt som ein større jobb, og vi kan ikkje ta noko for gitt, seier salssjefen.

Forsking

Møbelprodusenten satsar også på forsking og produktutvikling, for å ligge føre konkurrentane. Eitt døme på det er K2 – eit prosjekt som skal bli framtidas kontorutrusting. Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt nye kontor i Ørsta er pilot for dette prosjektet.

– Dette arbeidet blir avslutta mot slutten av året, og er viktig for den framtidige produktutviklinga vår.

I februar er det klart for den årlege møbelmessa i Stockholm. I fjor fekk standen til Fora form, med motiv frå Sunnmørsalpane, mykje merksemd.

– Det blir minst like bra i år, lovar Frode Sporsheim.

<strong>Salssjef:</strong> Frode Sporsheim er salssjef i Fora Form.
<strong>Framtidas kontor:</strong> Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt nye kontor i Ørsta er pilot for K2-prosjektet til Fora Form.