I midten av august skal Amfi Ørsta opne opp til nye utvida lokale, med mellom anna Bunnpris og Clas Ohlson som nye tilskot på butikkstammen.

På same tid vert Coop Mega-konseptet bytta ut med «Extra», noko som vil seie at Ørsta vert ein lågprisbutikk rikare, med dobla vareutval, men utan ferskvaredisk og kokkar med fagkompetanse.

Det fell ikkje i god jord hjå fleire ørstingar og voldingar, og mange av dei har kome med misnøye på Møre-Nytt si Facebook-side.

Dyrt er greitt

Lokalpolitikar, lærar, matbloggar og matvarekunde Tove Halse Digernes er samd med sine medbygdingar, og talar deira sak.

– Eg trur det er mange som har eit spesielt forhold til ferskvaredisken på Mega. Butikken har eit rikt ferskvareutval og kokkar med brei kompetanse på mat, noko som gjer at eg som kunde vel å handle der – trass dyrare varer, seier Digernes.

Ho trur det er mange som tenkjer på same måten – så lenge forretninga har ferskvaredisk, kan ein tole å måtte grave djupare i lommeboka.

– Det har jo også med utvalet å gjere. Når Coop seier at «Extra» får dobbelt så mange produkt, så betyr det at selskapet kjem inn med mange av sine eigne merkevarer. Desse er sikkert ok, men nokon gangar vil ein ha spesielle merkjer som til dømes når ein skal utforske nye rettar. Då strekk ikkje lågprisbutikkane til, seier ho.

Kortreist mat

Og desse billegkjedene har allereie godt fotfeste i Ørsta og Volda.

– Treng vi fleire lågprisbutikkar her i området?

– Min fyrste tanke er – nei. Vi har trass alt Coop Extra i Furene, og eg høyrer at forretninga som kjem på Amfi ikkje har det same nipstilbudet med kjøkkenutstyr, leiker osv. Då vert faktisk vareutvalet på Extra dårlegare enn på Mega. Kva er då vitsen? Spør Halse Digernes.

Ho er også uroa over kva som no vil skje med Mega sin avtalar med lokale matprodusentar.

– Det er også synd viss desse fell vekk. Coop har alltid vore flinke til å profilere kortreist mat, men eg tvilar på «Extra» kan forsyne oss med villaks frå Hjørundfjorden og kjøt frå Toregarden på Nordre Vartdal på same måte. Matmiljøet i Ørsta kjem til å verte fattigare utan Coop Mega, seier Digernes.

Det lykkast ikkje Møre-Nytt å få ein kommentar frå Coop Vest fredag.

Lokalpolitikar, lærar og fast matvarekunde Tove Halse Digernes er ein av mange som vel å handle litt dyrare på Mega, for å få kvalitet.
I midten av august vert Coop Mega bytta ut med «Extra»-konseptet på Amfi Ørsta.