– Kjøkkenet, kokkane, cateringtilbodet og avtalane med lokale matprodusentar vil halde fram som før. Det gjeld også ferskvarene, sjølv om desse vil verte pakka inn, seier salssjef Rune Økland.

Fleire ørstingar, deriblant lokalpolitikar og matbloggar Tove Halse Digernes (Sp), som ytra seg i laurdagsavisa, har reagert på at Coop Mega forsvinn til fordel for nok ein lågprisbutikk.

Mange andre har engasjert seg på Møre-Nytt si Facebook-side, og seier at dei fryktar for tilbodet kring ferskvarene og dei fagkompetente kokkane – trass i at der allereie fins to andre ferskvarediskar i Ørsta i form av Eurospar og Kiwi (Asko).Dette er saken: - Coop Extra vil svekke matmiljøet i Ørsta

Coop Extra kjem til Amfi

– Ingen skilnad

Salssjef Økland seier han tykkjer det er positivt med engasjementet kring Coop sine butikkar, og fortel at den ferske maten og fagkompetansen ved Coop på Amfi vert verande – om ikkje i ei litt anna form.

 – Det fullverdige kjøkkenet kjem framleis til å stå i butikken, med servering av ball på onsdagar, grilla kylling og pizzabaguettar. Det at maten ligg innepakka utgjer eigentleg ingen skilnad, sidan han allereie er emballert når den vert levert til butikken. Vi kuttar berre eit ledd, og let vere å pakke den ut før vi serverer den til kunden, seier han.

Økland lovar faktisk at maten kjem til å vere enda betre enn før, fordi den får færre behandlingar enn tidlegare.

Kokk og catering

– Kva skjer med kokkane?

– Dei kjem framleis til å vere der, sjølv om dei nok kjem til å få ein del andre oppgåver som krev at dei er meir framfor disken enn bak. Likevel – alle kundar som har behov for matråd kjem til å få det.

Salssjefen seier Coop har registrert at kundane i Ørsta set pris på å kunne rådføre seg med profesjonelle kokkar, og at dei dermed satsar på å møte dette behovet.

– Vi kjem også til å halde fram med cateringtilbodet, som den einaste Extra-butikken i landet.

– Og kva skjer med avtalane opp mot dei lokale matprodusentane?

– Dei kjem framleis til å vere med på laget. Vi jobbar faktisk med å auke talet på desse, så folk treng ikkje vere uroa for fråfall av kortreist mat.

Trur folk vert nøgde

– Er det ørstingane eller Coop sjølv som ønskjer omprofileringa frå Mega til Extra på Amfi?

– Det er sjølvsagt vi som tek avgjera, men vi prøver å tilpasse oss kundane sine ønskjer. Det vi ser er at «Extra» skårer høgast i landet på ferske kundemålingar, og vi trur tilbodet som kjem med Coop Extra vil slå an i Ørsta. Dessutan er det vanskelegare å halde oppe supermarknad som Mega på små plassar, framfor i byane.

Salssjef Rune Økland i Coop Vest seier ferskmaten til og med vil verte enda betre enn før, grunna færre behandlingar.