No planlegg Frode Thomas Weider å hyre advokat, og køyre saka vidare, etter at kommunestyret torsdag godkjende reguleringsplanen for Pe-garden bustadfelt i Ytrehovden. Sjølv om kommunestyret vedtok å redusere breidda på Ytrehovdevegen forbi bustaden til familien Weider frå 5,5 til fem meter, der det også skal kome fortau, meiner Frode Thomas Weider at hustunet deira no vert øydelagt.

Paul Kristian Hovden (KrF) var ein av ni i kommunestyret som røysta mot planen - og den einaste i formannskapet.

– Dette handlar om ei sak der utbyggjar av bustadfelt får glede av noko som bebuarar får ulempe av, seier Hovden.

Lita endring

– Kommunestyret sitt vedtak vil føre til ei bitelita endring for oss, men saka er eit overgrep. Saka luktar av kameraderi. Rådmannen skreiv i ein kommentar at ulempa for utbyggjaren som måtte vente på saka var større enn den ulempa vi vart påført, seier Weider.

Han registrerer at rådmannen forstår at det kan verke urimeleg at ein må utvide vegen forbi deira eigedom for å kome til eit anna byggjeområde, men rådmannen viser til kommunedelplanen, som har sett av området til framtidig bustadområde.

Weider hadde venta seg at kommunestyret vedtok eit krav om at utbyggjar kom med erstatning til Weider og naboen Einar Myklebust som bur på andre sida av vegen overfor Weider.

– Men nei, vi sit att med null og niks, konstaterer Weider.

Han synest denne saka luktar, og kjem til å få ein advokat til å sjå på saksgangen.

– No håper vi at det i alle fall vert 30 km/t fartsgrense og at det vert bygt fartsdumpar forbi bustaden vår, seier Anne Marte Weider, kona til Frode Thomas Weider.

Det er på oppdrag frå Jostein Arne Myklebust at AG Plan og Arkitektur har utarbeidd reguleringsplan for Pe-garden bustadfelt i Ytrehovden. I det 40 dekar store området er det planlagt både frittliggjande og konsentrert småhusbusetnad, inkludert leikeplass. Føremålet med planarbeidet er tilrettelegging for bustadbygging med tilhøyrande anlegg på gnr. 58 bnr. 10 i Hovdebygda. I tillegg kjem regulering av Ytrehovdevegen frå Ervingen til Hovden Møbel.

Kommunen har inngått eit samarbeid med forslagsstillar, der kommunen har teke deler av kostnaden med utarbeiding av plangrunnlaget for fortau langs Ytrehovdevegen, frå Ervingen til utbyggingsområdet. Det er denne vegen Weider og familien reagerer på.

– Då det vart laga kommuneplan for eit år sidan var det i ..utgangspunktet planlagt bustadtomter på tomta vår, men fylkesmannen meinte at vår tomt måtte setjast av til LNF-område. Då er det heilt urimeleg om ein etterpå skal ta av denne tomta for å byggje veg til eit anna bustadområde, meiner han. Weider har ikkje noko i mot at det vert planlagt bustader i området, men han reagerer altså på vegføringa.

Han meiner at gangvegen burde verte lagt i ein annan trase, sør for huset hans og mot kvernhusa ved elva, for så å kome opp nær Hovden Møbel.

Habilitet

Weider meiner også at det kan stillast spørsmål ved habiliteten til AG Plan & Arkitektur, som har utarbeidd planen for oppdragsgjevaren.

– Det er tvilsamt at same firmaet skal ha reguleringsarbeidet som også har økonomiske interesser av realiseringa av bustadfeltet, synest han.

Reagerer: Frode Thomas Weider er oppgitt over vedtaket i kommunestyret. – Gardstunet vårt vert øydelagt, seier han. Foto: Roy-Arne Folkestad