Kvart år er Sparebank 1 Søre Sunnmøre plikta til å dele ut delar av overskotet sitt til gode formål i form av gåvemidlar, prosjektmidlar og talentstipend. Torsdag delte banken ut prosjektmidlar til ti lag og organisasjonar i Ørsta kommune til ein samla verdi på 336.000 kroner.

Å skape utvikling

Alle lag og organisasjonar kan årleg søke om prosjektmidlar til større eller mindre prosjekt. Bernt Østgaard, kontorleiar i Sparebank 1 Ørsta, fortel kva dei legg vekt på når dei vel ut prosjekt dei vil satse på.

– Vi vel å dele ut pengar til prosjekt som kan kome fleire i lokalsamfunnet til nytte. Fortrinnsvis barn og unge, men ikkje nødvendigvis. Om pengane kan vere ein pådrivar for å skape utvikling, og det kan føre til at folk synest det er kjekt å bu her, er det positivt.

Frå idrett til kultur

Prosjekta som fekk midlar var gode og varierte. Sæbø Grendalag var ein av dei heldige som fekk midlar, og dei skal nytte dei til å fortsette utbygginga av toalett på Kapteinskvia på Sæbø.

Hovdebygda IL Langrenn skal byggje gapahuk på Bondalseidet.

– Denne kan bli brukt til fleire arrangement og sosiale samlingar, og kan nyttast av alle som ønskjer, seier Guttorm Øye.

Ørsta Sykkelklubb vil bruke sine midlar til lage til ein flytsti i Sledalen som vil gjere råsa enkel å sykle på for alle.

– Desse pengane vil bli svært nyttig for dette prosjektet, takkar Espen Rekkedal frå sykkelklubben.

Festivalen Sommarljom søkte midlar til musikkverkstaden for born som vil ta plass under årets festival. Torkjell Hovland, som er med på å arrangere festivalen, synest det er kjekt at det også vert delt ut pengar til musikk og kultur.

Desse fekk prosjektmidlar:

Sæbø Grendalag (35.000), Ørsta Sykkelklubb (50.000), Ørsta Røde Kors Hjelpekorps (36.000), Hovdebygda IL langrenn (40.000), Ørsta Seilforening (10.000), Ørsta Symjeklubb (10.000), Åmdal IL klubbhuset (35.000), Hovdebygda Soge- og Velferdslag (50.000), Ørsta Brettklubb (15.000) og Sommarljom (10.000). I tillegg vart det tidlegare i år delt ut midlar til Vartdal Sokneråd (15.000) Vartdal Turn og Idrettslag 10.000) og Hovdebygda IL Fotball (20.000).

<strong>Midlar til utvikling:</strong> Ørsta Brettklubb har brukt pengane til å kjøpe inn rullebrett og hjelmar til utlån i Møre Skatehall. F.v. Christopher Woldsund og Fredrik Christian Langlo frå Sparebank 1 Ørsta.