Åmdal tronar øvst på tabellen i sjette divisjon avd. 1 både før og etter fredagens bortekamp mot Tjørvåg.

Med uavgjortresultatet mot Haddal friskt i minnet, gjekk åmdalingane hardt ut av startblokkene for å sikre ny siger og avstand til laga under på tabellen.

Innsatsen var nær å løne seg allereie etter fem minutt då Åmdal fekk straffespark etter at Alexander Nalbant vart hekta i målområdet. Gjestene var likevel ikkje kalde nok frå kritmerket, og brende straffa.

0-1

Bortelaget miste likevel ikkje fatninga av den grunn, og det skulle ikkje gå mange minutta før det fyrste målet kom – signert Åmdal.

– Venstrekanten drog seg inn i feltet og fyrte av eit skot mot mål. Keeperen redda, men Kai Robin Myklebust stod klar på returen og skåra, seier trenar Svein Erik «Rikken» Grevsnes.

Fleire mål vart det ikkje i fyrste omgang, dermed kunne åmdalingane gå til pause med 0-1 i sekken.

– Tjørvåg var tannlause i fyrste halvdel av kampen, og kom berre til nestensjansar. Vi hadde alt i alt bra kontroll.

Utlikning

Herøyværingane var mykje kvassare i andre omgang, og heldt på å få betalt allereie etter fem minutt.

– Tjørvåg gjekk rett i åtak, og fekk spelt gjennom ein av spelarane slik at han kom åleine med keeper sjølv om han var 2 meter i offside. Torbjørn redda heldigvis forsøket.

Åmdal sin keeper måtte likevel gje tapt berre fem minutt etterpå, då Tjørvåg skåra på ein nærast identisk situasjon, etter å ha kontra på eit Åmdal-hjørnespark.

1–1.

Klinka i vinkelen

– Etter utlikninga jamna kampen seg ut. Heldigvis har vi matchvinnarar som Joakim Giske på laget. Etter å ha fått ei pasning på 30 meter, avanserte han ti skritt og limte ballen oppe i vinkelen. Ei kjempefin skåring som fekk oss opp i leiinga, seier Grevsnes.

Dermed stod det 2–1 til gjestene – eit resultat som skulle stå kampen ut.

– Dei siste minutta vart det mykje lemping og lite spel, men vi rodde det greitt i land.

– Det smakte godt med siger?

– Ja, særleg fordi Tjørvåg er eit lag i framgang. Det er ikkje meir enn nokre dagar sidan dei vann i bortekampen mot Sæbø, så det va viktig å få denne sigeren.

Feriemodus

Tysdag møter Åmdal tabelltoar Hareid 2 til heimekamp på Legene.

Sistnemnde har til og med ein hengekamp på menyen, slik at dei kan passere Åmdal dersom dei vinn begge oppgjera.

– Går de på glas no, Grevsnes?

– Tja, einaste uroing er at vi manglar nokre spelarar grunna feriane. Anders Molnes er til dømes utilgjengeleg, men på den andre sida kjem andre tilbake frå skade. Dette er likt for alle laga, og så lenge vi klarar å skrape i hop 11–12 spelarar og eit par innbytarar så skal ikkje vi klage, seier «Rikken».

Åmdal-trenar Svein Erik Grevsnes var nøgd med sigeren over Tjørvåg.