E39 ved Flåskjer vart opna for trafikk igjen søndag ettermiddag.
Europavegen hadde vore stengt sidan klokka 05.00 laurdag morgon, då eit sørpeskred gjekk over vegen.
Vegvesenet sende geologar til rasstaden då dagslyset hadde kome laurdag, og dei konkluderte med at det ikkje var forsvarleg å opne vegen for trafikk igjen før tidlegast i dag føremiddag.
I dag i ti-tida gjorde dei ny vurdering, og skreiv deretter at vegen tidlegast kunne opnast til kvelden. Noko som no altså har skjedd, etter eitt og eit halvt døgns stenging.