Og allereie før butikken er open, teiknar nysatsinga godt. For motorsyklane går unna.

– Vi har forhandla mopedar og ATV-ar ei god stund, men mellom desse produkttypane er der mykje å hente. Vi har teikna ein forhandlaravtale for det austerrikske merket KTM. Det er eit av dei mestveksande motorsykkelmerka, og er no mellom dei fem største i Noreg. Før vi offisielt har opna butikken, har jungeltelegrafen gått, og vi har selt fleire titals syklar, fortel dagleg leiar Hans Andre Sørvik.

For to år sidan kom bror hans Daniel inn i verksemda, og han har interesse og kunnskap om kapitalvarer som motorsyklar. Samstundes har den globale marknaden for netthandel endra seg. Konkurransen er beintøff.

– Framleis vil nettbutikken vår vere viktig, og utgjere den største delen av verksemda. Vi kjem ikkje til å redusere aktiviteten på nett. Mellom anna lanserer vi ny nettbutikk mot slutten av året. Men vi ynskjer fleire bein å stå på, og vi må vise omstillingsevne. Vi vert no dei einaste forhandlarane av KTM-syklar mellom Bergen og Elnesvågen, fortel Sørvik.

Han er overtydd om at det er eit potensial for sal av motorsyklar i nærområdet, og peikar dessutan på at sal av motorsyklar aukar.

– Det har mellom anna med avgiftspolitikken å gjere. Frå årsskiftet vart det reduserte avgifter på MC, og syklar har vorte rimelegare. Samstundes er KTM ein produsent som har fanga trendane i marknaden. Det handlar mellom anna både om racinginspirerte syklar, og om større og robuste syklar for turfolk, fortel Sørvik.

Og som om ikkje det var nok med ei satsing på butikksal av motorsyklar. MC-deler vert også forhandlarar av vasskuterar. Det er merket SeaDoo som skal seljast frå lokala på Vartdal.

– Også her har det vorte regelendringar og avgiftsendringar som gjer at salet av slike er aukande. Vi vert dei einaste forhandlarane av dette merket mellom Bergen og Nordmøre, fortel Sørvik.

– Vi har dei siste åra opplevd ei stor endring i kvaliteten på vasskuterar. Dei toler mykje meir vekt, og har vorte mykje meir stabile på vatnet, fortel Daniel Sørvik.

MC-deler forhandlar også ATV-ar frå Can-Am, og vil satse vidare på dette salet. ATV-ar har m.a. vorte populære blant entreprenørar som er avhengige av gode køyretøy til å kome seg fram i ulendt terreng.

Omstillinga hos MC-deler har kravd mykje arbeid. Mellom anna er lokala på Vartdal fullstendig ombygde. Vegger har vorte slått ned for å få til store og romslege butikk- og utstillingslokale.

– Dei tilsette har gjort ein kjempejobb under denne prosessen. Nokre av oss har arbeidd med omstillinga og ombygginga, medan andre har måtta ta ansvaret for å halde oppe koken på nettbutikken, seier Hans Andre Sørvik.

Han meiner no at ringen på mange måtar er slutta for MC-deler.

– Far vår, Robert, starta med butikksal, før det vart postordre og seinare nettbutikk. No er vi tilbake med eigen butikk – og ikkje minst verkstad. Vi har drive omfattande kursing og opplæring, og har ein godkjent verkstad. Han er og vil vere svært viktig for drifta vår, seier Sørvik.

Motorsykkelsalet vil offisielt starte laurdag 11. april. Då er det butikkopning på Vartdal. Helga etter vert vasskutersalet lansert på ei messe i Ålesund.

– Vi kjem akkurat i gang til våren. Det er april og mai som er dei store salsmånadene for slike produkt, fortel Sørvik.

MC-deler AS har tolv tilsette.

Opnar butikk: Laurdag opnar MC-deler butikk på Vartdal. F.v.: Hans Andre Sørvik, Per-Arne Vartdal og Daniel Sørvik.