Idrettslaget håpte at refusjon av moms skulle dekke om lag to av dei 15 millionane det kosta å bygge Mørehallen.

No har Lotteritilsynet bestemt at berre 58 prosent av momsen skal betalast tilbake. For Mørehallen sin del betyr det at 2,1 millionar kroner plutseleg vart til 1,2 millionar kroner.

Styret i VTI fotball får millionsprekken på bordet i neste møte, melder idrettslaget på nettsidene sine.

Likevel er utbetalinga til Mørehallen det nest største beløpet tilsynet betaler ut i 2014. Berre eit tennisanlegg i Bergen fekk meir.

– Momsrefusjon utgjer ein viktig del av finansieringa av Mørehallen. I tillegg vil hallen vil om nokre år få ca 2,7 millionar kroner i spelemidlar. Men det er uvisst når desse spelemidlane kan bli utbetalte, og dette påfører VTI Fotball store renteutgifter fram til spelemidlane blir utbetalte, skriv VTI Fotball.

Politikarane har gjort grep for å betre spelemiddelordninga for idretten, men førebels ser det ikkje ut til at det får konsekvensar for VTI Fotball og Mørehallen.