På Facebooksida til til kino og kulturhuset står dette:  «Mange har sendt meldingar til oss i dag  (torsdag), sidan det har vore brannbilar utanfor huset. Kort fortalt: Popcornmaskina vår gjekk bananas.»

Kulturhusleiar Janne Skarstein utdjupar det som skjedde torsdag formiddag i 10-tida.

- Vi skulle poppe popkorn, og det vart overoppheiting. Då vi hadde på feittet eksploderte det, og det vart opne flammar, og kom mykje røyk. Så det var ganske dramatisk, fortel Skarstein.

Hjelp frå Volda

Det vart full brannutrykking, men før brannvesenen kom hadde dei tilsette klart å sløkkje brannen. Det var både røyskader, og skader etter bruk av pulverapparat. Dermed var kulturhussjefen redd for at opninga av den nye teater og kinosalen måtte utsetjast.

–Men vi har hatt ekspertar her som har vaska og rydda opp, så opninga går etter planen, seier Skarstein.

Ho lovar til og med popcorn til dei som treng det.

–Volda filmteater har stilt opp, og vi har lånt deira popkornmaskin. Så det er ingen fare: Det blir både opning og popcorn, seier Janne Skarstein.

Ei lånt popcornmaskin er på plass i kulturhuset.