- I budsjettet for i 2016 løyvde vi 2,5 millionar kr til skulesektoren fordi vi ønskte å styrke dette området. Målet var at vi skal nærme oss ressursbruken og tal på årsverk innanfor skulesektoren i kommunane vi kan samanlikne oss med. Det vi registrerer no, er at det går motsett veg, sa Anne Ellingsen (V) under handsaminga av tertialrapporten for Ørsta kommune i kommunestyremøtet torsdag.

Seksjonsleiar Kirsti Øy Driveklepp skriv i utgreiinga i tertialrapporten at seksjonen var usikre på om dei fekk behalde dei 2,5 ekstra millionane også i 2017. Dei har difor valt å vere nøkterne, og nøye seg med å tilbakeføre 1,6 stillingar som vart sparte inn i 2015.

- Eg forstår at det er problematisk å tilsette i faste stillingar når sektoren er usikre på om dei får behalde desse ekstra midlane. Eg trur likevel det var kommunestyret sin intensjon at denne styrkinga av skulesektoren skal halde fram. Eg trur vi no må vere vere tydelege, og gi føringar som gir adminsitrasjonen tryggleik. Målet må vere å ligge på det same nivået som samanliknbare kommunar over tid, kommenterte Ellingsen.

I tertialrapporten er Driveklepp også klar på at sektoren ønskjer at tildelinga til skulesektoren ligg på eit stabilt, føreseieleg og forsvarleg nivå som tilsvarer utgiftsbehovet til kommunen og nivået til samanliknbare kommunar.

- Store hopp oppover eller nedover er vanskeleg å følgje opp, sidan det mest av skuleseksjonen sitt budsjett er lønsmidlar, og justeringar midt i skuleåret dermed får store konsekvensar for elevane. Dette er også eit argument for at politikarane må gjere det klart at styrkinga av skulesektoren i 2016-budsjett ikkje var eit einsleg blaff, meinte Ellingsen.

Ho fremja ikkje noko forslag denne gongen, men varsla at saka blir teken opp att ved budsjetthandsaming.

- Eg har ikkje forslag til finansiering per i dag, men eg reknar med kommunestyret deler intensjonen om å styrke skulesektoren over tid, sa ho og la til:

- Det som er svært positivt i skulen i Ørsta, er at vi har godt kvalifiserte lærarar som underviser elevane våre. Det medfører sjølvsagt at lønsutgiftene aukar, men det er det verdt.