Informasjonskonsulent Ann Kristin Einbu i Tussa fortel at kraftselskapet i desse dagar driv med utviding av tredje etasje i hovudbygget Tussatun i Hovdebygda.

Det er den lett synlege verandaen som går rundt heile bygget som no forsvinn, til fordel for fleire doble kontor og møterom.

Grunnen til at Tussa no tek grep, er vasslekkasje i lokala.

– Regnvatn som samla seg opp på verandaen har runne ned i andre etasje, difor byggjer vi den no ut for å hindre meir lekkasje, seier Einbu.

Mellombels flytting

Medan utbygging går føre seg i Hovedbygda, har avdelingane til Tussa Energi og Tussa Kraft flytta til gamle Haugen – selskapet sitt gamle administrasjonsbygg i Åmdalen.

– Energi-avdelinga kjem til å verte varande der til vi får på plass enda større utviding i Hovdebygda.

– Planar på gang?

– Ja, der er eit behov for utviding, men om det kjem til å skje noko er for tidleg å seie, seier Einbu.

Utbyggingane på Tussatun er planlagt å vere ferdig i oktober.