Denne veka veke er det kalla inn til ekstramøte i samfunnsutvalet. På saklista: Ivar Aasen-gata 10 AS sitt byggjeprosjekt. Det tidlegare Nordeabygget er under påbygging, og no vert det sett opp glasfasade på heile bygget. Og det er dette saka handlar om. I dispensasjonen som vart gjeven av politikarane i samfunnsutvalet var det sett vilkår om at fasadane på bygget skal vere lyse, i samsvar med kommunen si målsetjing om «den kvite byen» – og i samsvar med tettstadsanalysen frå 1999.

Altså: kommunen meiner bygget til Rebbestad og Mork skal ha lys fasade, men no vert bygget kledd med glas. Og det likar ikkje kommuneadministrasjonen. Denne veka gav teknisk sjef stoppordre for byggjeprosjektet.

Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork er oppgitt.

Overraska

– Vi legg ikkje skjul på at vi er oppgitt og overraska over det kommunale utspelet overfor prosjektet vårt. Vi føler dette er eit slag under beltestaden. Vi synest kommunen kunne ha kome med desse synspunkta på eit langt tidlegare tidspunkt. Vi føler oss dårleg behandla. Hadde vi fått ein telefon frå kommunen kunne vi ha ordna mykje, seier Rebbestad og Mork.

Dei gjer det klart at dei har gjort mykje for å imøtekome krava om lys fasade.

– Vi har gjort alle tilpassingar vi kan i høve kravet til «den kvite byen». Mykje av arbeidet er gjort, og resten vert gjort til våren, seier dei.

Sivilarkitekt Georg Grimstad i Bucci Arkitektur & Design, som har teikna nybygget, og som er ansvarleg søkjar for byggjeprosjektet i Ivar Aasengata, er svært overraska over Ørsta kommune i denne saka.

– Eg reagerte med vantru då varsel om byggjestopp kom. Å gje byggjestopp er den største slegga ein kommune kan ha i byggjesaker. Det er ekstra gale når dette kjem i ein kritisk fase då ein er i ferd med å tette bygget, seier Grimstad som karakteriserer kommunen si framferd som «fullstendig skivebom».

– Først gjev dei byggjestopp, og nokre timar seinare opphevar dei dette. Slik er berre veldig uprofesjonelt, meiner Grimstad.

Han meiner bygget står fram som tidsrett og moderne, og som eit kvalitetsprodukt som samsvarar med ønske frå publikum.

– Dette bygget har gjennom åra vore eit av dei vakraste bygga i Ørsta. Bygget står fritt i eit ganske nyetablert område historisk sett. I dette området ligg det til rette for dei uttrykksformene vi presenterer, seier Grimstad som viser til at det ikkje ligg føre nokon premiss i reguleringsføresegnene om at bygget skal vere kvitt.

Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork er invitert til møte med teknisk sjef på onsdag.

– Det set vi pris på, også at stoppordren vart raskt trekt tilbake, seier dei.

Det lukkast ikkje Møre-Nytt å kome i kontakt med einingsleiar for bygg og oppmåling i kommunen, Kåre Hjelle for ein kommentar fredag.

Overraska: Utbyggjar Arne Johan Rebbestad (t.v.), sivilarkitekt Georg Grimstad og utbyggjar Per Magne Mork er overraska over kommunen sitt utspel kring fasaden til Ivar Aasengata 10. Foto: Roy-Arne Folkestad