– Det er svært viktig at Ørsta står fram som ein god stad å byggje og investere. Vi skal følgj politiske vedtak, reglar og formelle krav, men det er viktig å sjå positivt på folk som er villige til å investere fleire titals millionar kroner i bygda vår, sa Sørheim under formannskapsmøtet tysdag.

Bakgrunnen var saka om Ivar Aasen-gata 10, det såkalla Nordea-bygget, som held på å bli påbygt og får ny fasade. Før jul sende kommune varsel om byggestopp. Då det var gitt dispensasjon til utvidinga, vart det stilt krav om at fasaden på bygget skal vere lys. Kommunen meinte glasfasaden bryt med dette vilkåret. Samfunnsutvalet valde likevel å la utbyggarane halde fram arbeidet. På nyåret retta administrasjonen merksemda mot Bucci Arkitektur og Design i Ulsteinvik, som er ansvarleg for prosjekteringa av huset. Kommunen vil vurdere å ta frå firmaet ansvarsretten for prosjektet på grunn av fasaden.

– Dette kan vi gjere dersom vi meiner den ansvarlege ikkje er skikka til denne rolla. No ventar vi på svaret frå Bucci, og så skal vi vurdere kva vi gjer, sa Rolf-Magnus Sundgot, seksjonsleiar for tekniske tenester.Kommunen har også høve til å gi dei ansvarlege gebyr.

– Må ikkje ri kjepphestar

– Då eg såg den siste saka i Møre-Nytt, tenkte eg «ikkje no igjen». Men i ettertid har eg kome fram til at det er rette at vi følger opp, slik at regelverket blir følgt, sa ordførar Stein Aam (Sp). Per Are Sørheim var samd i at reglane må følgjast.

– Men det er viktig at Ørsta ikkje blir ein kommune som rir kjepphestar i juridiske spørsmål. Det har vi ei historie på. Eg vil oppmode administrasjonen om å legge seg i dialog med grunneigar, utbyggar og ansvarshavande, og løyse dette på ein rask og god måte. Negativitet i media tener ikkje satsinga i Ørsta sentrum, sa han.

Rådmann Wenche Solheim var klar på at administrasjonen er opptekne av å løyse saka raskt.

– Men når eit politisk organ fattar eit poengtert vedtak, er vi pliktige til å følgje det opp.

Sundgot presiserte at saka om ansvarsrett rettar seg mot framferda til ein profesjonell part i saka, og ikkje mot utbyggjaren.

– Alle er samde om at vi skal vere positive til satsing i Ørsta sentrum. Det må det ikkje vere tvil om, sa seksjonsleiaren.