Innsamlingsaksjonen til russen har vorte ein årleg tradisjon ved Volda vidaregåande skule. Dei siste åra har pengane gått til Kreftforeningen, gjennom aksjonen Krafttak mot Kreft.

– Vi synest det er flott å kunne vere med og vise at russen driv med meir enn fyll og fest, seier aksjonsleiar Julie Strand til Møre-Nytt.

– Dette gir faktisk eit reelt bidrag til arbeidet til Kreftforeningen, og det gler eg meg til å vere med på, seier Jenny Heltne Nilsen, som er ein av to russepresidentar ved Volda vgs.

Volda best i regionen

Russen i Volda og Ulstein har gjort det best i Krafttak mot Kreft i vår region dei siste åra. Dei siste fem åra har Ulstein-russen samla inn 750.000 kroner, medan Volda-russen toppar lista med heile 775.000 kroner, ifølgje tal Sunnmørsposten presenterte denne veka.

– Russen er den største enkeltgruppa som samlar inn pengar til Kreftforeningen. Det er det grunn til å vere stolte av, seier Heltne Nilsen.

18.000 av dei totalt 22.000 bøsseberarane til Kreftforeningen i 2015 var russ, opplyser aksjonsleiar Petter Spolén i Kreftforeningen Midt-Norge til Sunnmørsposten. Fjorårskullet i Volda samla inn om lag 150.000 kroner, ifølgje aksjonsleiar Sundal.

Målet til årets Volda-russ er klart:

– Vi skal iallfall gjere det betre enn dei! erklærer russepresident Heltne Nilsen.

1. mars

Innsamlinga er frivillig for russen. 133 av dei rundt 200 avgangselevane har meldt seg på.

– Det er vi godt nøgde med. Med så mange kan vi dekke nesten heile Ørsta og Volda, inkludert dei fleste bygdene. Vi håper dei påmelde er motiverte for å gjere ein stor innsats for innsamlinga, seier PR-ansvarleg Julie Strand.

Russen satsar alt på ein dag, og vil kome rundt med bøssene på ettermiddag og tidleg kveld 1. mars.

– Så då må folk ha kontantane klare, oppmodar russepresident Heltne Nilsen.