– Som tidlegare år har vi fylt opp studentbustadane vore. Per no er det 89 studentar på venteliste til bustadar, men vi trur fleire av desse har funne noko på eiga hand, for vi har erfart at ikkje alle gjev beskjed om dei finn private bustadar, opplyser Magnhild Eikenes Kile, bustadkonsulent ved Studentsamskipnaden for Sunnmøre (Sfs).

Garanterer plass å sove

– Det er alfa omega for oss å hjelpe studentar med å finne ein plass å bu. Vi viser mellom anna til portalar der private bustadar vert lagt ut. Om studentar står utan plass å bu, garantertet SfS ein plass å sove fram til dei finn ein bustad. Då vert det eventuelt laga til sovesal etter behov, forklarar Kile.

Totalt disponerer Studentsamskipnaden 422 bustadar fordelt over om lag sju område i Volda. Dei har hyblar og leilegheiter for ein eller fleire personar.

– Vi har flest nykomne studentar i bustadane, men fleire er også gamle studentar som ønskjer å fornye kontrakta si for bustaden. Det har dei ein gitt frist på å gjere.

Velferd for studentar

Studentsamskipnaden for Sunnmøre er ein service – og velferdsorganisasjon som er til for at studentar skal ha ein trygg og effektiv studiesituasjon.

– Målet er i det store og heile at alle studentar skal ha det bra, og at dei synest det er kjekt å vere i Volda, seier Magnhild Kile. Medan Høgskulen har det strategiske ansvaret for velferdstilbodet, har Studentsamskipnaden det operative. Om sommaren jobbar Studentsamskipnaden mest med å hjelpe studentar med bustadar. Resten av året har dei fleire oppgåver kring studentvelferd. I tillegg til studentbustadar gir SfS tilbod om studentbarnehage, studentrådgjevar og helsesøster, psykologisk helseteneste, i tillegg til Studenthuset Rokken, kantine og studentbokhandel.