Ørsta låg trygt plassert midt på tabellen før møtet med Langevåg, men trenar Henning Nygård seier torsdagens tre nye poeng var godt i tråd med ambisjonane om å ende blant topp tre i 4. div når haustsesongen er ferdigspelt.

Feriemodus og berre 13 mann i troppen gjorde Ørsta svært sårbare for eventuelle skader, men ørstingane hanka inn sigeren med tre flotte mål.

Likevel kunne det fort gått andre vegen dersom ein ikkje hadde fått hol på byllen tidleg.

To kjappe

– Vi kom ærleg talt ikkje særleg godt i gang. Langevåg var klart best i byrjinga, og vi sleit med å stoppe overgangane deira. Siste halvdel av fyrste omgang klarte vi likevel å jobbe oss inn i kampen, etter å ha teke skikkeleg tak i det defensive arbeidet, seier trenar Henning Nygård.

Og når trua kom – lot heller ikkje sjansane vente på seg.

Ørsta gjekk nemleg opp i 1-0-leiing etter at Robert Steinnes stussa eit oppspel til Mats Øvrebotten, som sette ballen under målvakta frå skrått hald.

Berre fem minutt seinare tok Henning Nygård eit kjapt frispark, der Vetle Dagfinrud klarte å springe seg fri og setje ballen i nota frå ti meters hald.

– Vi var effektive og viste ein fantastisk lagmoral i dei bakre rekkjene, seier Nygård.

God motivasjon

Andre omgang vart ikkje særleg dårlegare. Langevåg skapte nesten ingen sjansar, medan Ørsta var farleg frampå på fleire kontringar.

Det bana veg for Mats Øvrebotten, som kunne setje spikaren i kista då kampen var 75 minutt gamal. Eskild Dagfinrud serverte eit innlegg, som dagens tomålsskårar kunne ta ned og setje i garnet.

– 3–0 er eit greitt utgangspunkt for å gjere ein god haustsesong. 9. august startar vi opp att etter ferien, og ein får håpe denne kampen er god motivasjon til å trene godt i sommarpausen, seier Nygård.