Kommunestyrepolitikar Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) registrerer at det går heitt føre seg i avisspaltene og kommentarfelta om nattebråk frå bilar i Ørsta sentrum. No skal han forfatte eit spørsmål til ordføraren om korleis ein kan kome fram til løysingar for både bilkøyrarane og innbyggjarane i sentrum.

– Intensjonen er å starte ein prosess der vi lyttar til ungdomen, får innspel og gjer situasjonen deira best mogleg. Samstundes må vil leggje til rette for dei som har klaga over støy og er plaga med det, seier Steinholm Frislid.

Han syntest møtet på hotellet mellom hotell, politi, kommune og bilungdom var ein god start, men skulle ønskje det ikkje slutta med det.

– Diverre var møtet lite opplyst om på førehand, så få møtte opp. Eg håper vi kan få kommunen til å arrangere noko liknande igjen. Ikkje berre med eitt møte, men ein prosess der vi følgjer opp og tek saka alvorleg og får rette folka i kommunen til å følgje opp innspela ungdomen kjem med. Det har vore nok av halvvegs utførte prosjekt tidlegare, seier han.

– Kom med idear

Nokon konkrete forslag til løysingar vil han ikkje nemne no, men håper at dei som har noko på hjartet vil legge fram sine tankar.

– Mange er utolmodige med å kome i gang, og vil ha fram sine innspel. Eg veit at mange har snakka om å få til ei bilbane. Eg vil gjerne ha fram desse ideane. Vi har god dialog med idrett og anna, men det er mange i bilmiljøet også, og eg syns vi bør lytte til dei og legge til rette for at også dei skal kunne utføre sine aktivitetar på ein god måte, samstundes som ein må ta omsyn til dei som bur i sentrum.

På Facebook har diskusjonen om bilkøyring i sentrum verkeleg skote fart siste dagane, med mange og til del krasse innlegg. Steinholm Frislid oppmodar folk om å halde debatten på eit sakleg nivå.

– Dette er noko som verkeleg engasjerer. Meiningane er splitta, og folk har lite forståing for kvarandre sine syn. Eg syns debatten går litt for langt, med mange personåtak. Eg håper dette kan roe seg, sjølv om det er ei betent sak. Det har til no vore for lite dialog og vilje til løysingar mellom partane. Når vi ser kor polariserande debatten er, må vi må få til noko. Det kan ikkje halde fram slik.