Tysdag denne veka gjekk matforskar Annechen Bahr Bugge ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO ut i NRK med påstandar om at usunne og lite varierte barnemenyar på restaurantar gjer born meir kresne. Kari Ryslett, Høgskulelektor i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, er samd.

– Barnemenyar, kva slags påfunn er det? Frå eit ernæringsperspektiv er desse menyane ofte dei mest usunne. Kvifor skal vi gi den dårlegaste maten til dei beste vi har når vi heller burde gi det sunnaste! Vi innbiller oss at born liker enkle rettar. Å like og ikkje like handlar om kva vi blir eksponert for. I det store og heile handlar det om haldningar. Vaksne sine haldningar, både positive og negative, har stor påverknad på borna, meiner Ryslett.

Barnesentrert mat

Dette går hand i hand med matforskar Bahr Bugge sine tankar:

«Vi har ei oppfatning om at det er veldig mykje born ikkje liker, for når vi ser på barnemenyane så går det jo i pølser, pasta og pizza. Med den rike matkulturen vi har fått i Noreg etter kvart så er det trist at vi snevrar det inn til å handle om pølser, pizza og pannekaker til borna, framfor å eksponere dei for dei nye spennande smakane, ingrediensane og produkta», seier Annechen Bahr Bugge i denne artikkelen.

At restaurantar heller burde tilby mindre rettar av vaksenrettane er eitt alternativ.

– Dette gjer allereie fleire restaurantar. Det er verken meir arbeid eller dyrare å dele ein rett i to, seier Kari Ryslett.

– Somme tenkjer kanskje at det er så sjeldan dei går på restaurant uansett, at borna kan jo berre få chips dei få gongane. Eg meiner likevel at det kan ha stor betyding, kommenterer Ryslett.

Bahr Bugge poengterer også at matkulturen i landet har vorte meir og meir barnesentrerte siste 15–20 åra, med daglegvarebutikkar som produserer og sel eigne barneprodukt.

– Ofte er dette dårlege produkt. Ta frukostblandingar til dømes, mange er proppa med sukker og metta feitt, fortel Ryslett.

Haldningar

Ryslett oppmodar foreldre om å vere gode rollemodellar i matval og måltidsgjennomføring. Det er viktig å tenke over sine eigne haldningar til mat. At mange born er kresne er eit vanleg problem, men der finst metodar for å motverke det. Å kutte usunne og simple barnemenyar på restaurant og heller gi skikkeleg mat er ein ting, men det startar gjerne ved middagsbordet heime.

– Eg trur mange foreldre er bekymra for at borna ikkje får i seg nok mat om dei mistar eit måltid på grunn av at dei ikkje liker det som vert servert. Får borna servert eigne rettar, blir det fort ei vane for dei. Middagsbordet er ofte ein arena for protest. Eg vil heller råde foreldre til å la borna frå tidleg alder få forsyne seg sjølv, og å smake på alle rettane utan at dei nødvendigvis må ete opp. Born bruker lenger tid på å venne seg til nye smakar, så tolmod er viktig. Det seiast at det kan ta 15 gongar før ein blir vant med ein ny smak. Måltid er ein opplæringssituasjon. Vert det mykje tvang og straff ved matsituasjonar? Mykje oppgittheit? Det er noko å tenke over. Ta det med ro rundt middagsbordet. Alle rundt bordet bør også tenke over språket sitt og kva dei kommenterer om maten. Er det noko barnet ikkje liker, er det greitt. Men då kan dei halde det for seg sjølv og få lov til å legge maten til sides.