– Vi hadde gleda oss kjempemasse til å kome opp hit og leike i finvêret, men her er no så mykje rot! seier Magnus Homberset (5).

Brukte eingongsgrillar, plastnett, ølbokser og svarte bossekker låg strødd ved badeplassen på Hovdevatnet då ungane frå Kløverhagen barnehage hadde utedag torsdag morgon.

– Berre i fjøra ligg det fem eingongsgrillar og skvulpar, seier barnehagetilsett Silviann Myklebust.

Dei hevdar at det er avslutningsfesten til tiandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule som er opphavet til rotet, og ungane er ikkje nådige mot sine eldre sambygdingar.

– Dei bør kome tilbake og ta ryddejobben sjølv, seier dei.

– Trist

Ungdomsskulerektor Kari Buset vil ikkje leggje skulda på sine nyleg uteksaminerte elevar, men seier ho er svært lite imponert over festdeltakarane som er ansvarleg for rotet.

– Eg visste ikkje noko om festen ved Hovdevatnet, og eg tykkjer det er veldig trist at det har vorte rota slik der oppe. Dersom nokon av mine elevar er innblanda, er dette er ei langt dårlegare skuleavslutning enn eg hadde forventa, seier ho.

Ved ungdomsskulen hadde det nemleg gått svært fint føre seg fram til klokka ni på kvelden, med høgtidleg avslutning av skuleåret og utdeling av vitnemål med foreldre i finstas som tilskodarar.

Buset oppfordrar dei same føresette til å ta opp denne saka med sine unge håpefulle.

– No har ungdomane ferie, så foreldra bør ta ansvar og seie ifrå om at dette ikkje er grei framferd.

– Kva tykkjer du om at det var alkohol på festen?

– Tiandeklassingar er sjølvsagt for unge til slikt. Dette gjev heilt feil signal i samband med skule og utdanning. I dette tilfellet trur eg likevel det har vore eldre inne i bildet, og det er trist at nokon få skal øydeleggje ei elles fin avslutning, seier Buset.

– Vil ikkje dømme

Olav Saure i Ørsta kommune stadfestar at to mann frå teknisk sektor er på veg opp til Hovdevatnet for å rydde opp etter ungdomane.

Han er likevel tilbakehalden med å peike ut tiandeklassingane som syndarar.

– Desse festane har vore ein tradisjon i mange år, og tiltrekk seg alltid eldre folk som vil nytte høvet til å hive seg med. Som forelder veit eg at dette er tilfelle, seier Saure.

Han trur det hovudsakleg er desse eldre som har kjøpt inn alkoholen, og manar foreldra til å seie ifrå til tenåringane sine.

– Ein kan ikkje vere naiv heller. Det må ringe ei klokke hjå foreldra som torer å sende ungane sine ut på slike festar.

– Er det skuleungdomane som bør ta ryddejobben?

– Det hadde jo vore det beste å gjere slik som russen. Dei er ofte tidleg ute dagen deretter og ryddar opp på vekselet og andre plassar. I dette tilfellet er det nok ikkje like enkelt sidan dei ikkje er like organiserte. Eg tviler på at nokon tek ansvar, så då får vi gjere det, seier Saure.

Rektor Kari Buset ved Ørsta ungdomsskule seier det er trist at dei yleg uteksaminerte ungdomane har rota og drukke alkohol ved Hovdevatnet.
Olav Saure ved teknisk sektor i Ørsta kommune seier foreldra ikkje må vere naive når dei sender ungane ut på festlege arrangement Foto: Ivar Lid Riise