Kredinor-Møre oppmuntrar kvart år kundane sine til å føreslå verdige vinnarar av deira årlege kultur- og idrettspris. I år valde nordmøringane ein sunnmørsklubb som vinnar

– Dette er gong nummer to av elleve at nokon på Sunnmøre vinn prisen – ni av gongene har den gått til nordmøringar, poengterer styreformann i Kredinor-Møre Lars Sevaldsen med eit smil.

Nominert av samskipnaden

Jan Henning Egset ved Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) nominerte handballklubben. I grunngjevinga hans står det mellom anna at «Volda Handballklubb framstår etter kontinuerleg og målretta arbeid over mange år i dag som eit «fyrtårn» for handballsporten på Sunnmøre».

SiVolda sponsar Volda Handballklubb, og er kunde hos Kredinor-Møre, som altså er ei underavdeling til et større inkassobyrå, med lokalkontor i Kristiansund.

Egset trakk også fram at klubben har vekse frå å ha 120 aktive medlemmar i 2004 til 375 i 2017, og at klubben har rekruttert profesjonelle trenarar, blant anna ifrå Island (jamfør hovudtrener for A-laget, Halldor Stefan Haraldsson).

– Godt å bli lagt merke til utanfor Sunnmøre

Styreleiar i Volda Handballklubb, Arild Bakke, legg vekt på at å vinne prisen tydar meir enn berre pengar:

– Å få ei slik anerkjenning, bli lagt merke til frå nokon så langt nord i fylket, det tydar mykje for oss.

Bakke meiner at toppidrettskultur over tid vil vere viktig for å rekruttere ressurspersonar til idrettsmiljøet og bygda elles, gjerne knytt opp mot studie og stillingar på Høgskulen og i næringslivet.

Volda Handball har ein langsiktig ambisjon om å bli eliteserieklubb.