– Grunnen til at fleirtalet sa nei er ikkje vrang vilje. Fleire av partia signaliserte at saka er så komplisert at dei vil ta debatten i sine respektive grupper før dei landar når saka skal opp i fylkestinget i juni, seier Steinar Reiten (KrF).

Reiten kjem frå Averøy, og har snakka fram Ørsta i utdanningsutvalet, der han er medlem. Saman med Sp fremja han torsdag forslag om å legge 391 millionar kroner i potten til nybygg av Ørsta vidaregåande skule. Fylkesrådmannen vil heller legge inn 23 millionar kroner for å flikke på dagens bygningsmasse for å forlenge levetida med ti år.

– Bygningsmassen til Ørsta vidaregåande skule er i svært dårleg forfatning, og bygg- og vedlikehald i fylket seier at fleire av bygningane bør kondemnerast. Dei fryktar også at dei kan få pålegg om å ta deler av bygga ut av bruk om ikkje noko vert gjort. Vi i KrF tenkjer at det er ein meir fornuftig bruk av pengar i eit lenger tidsperspektiv, å bygge nytt, framfor å flikke og klatte på midlertidige løysingar.

Har trua

Ordførar Stein Aam (Sp) har fleire gonger vore i Molde saman med mellom andre varaordførar Karen Høydal (Ap) for å fremje saka for fylkespolitikarane.

– Vi har vore i kontakt med fleire grupperingar, og det vert jobba breitt for dette frå alle politikarane i Ørsta. Heile det politiske miljøet gjer sitt for å påverke.

Stein Aam seier at han har trua på at det vil gå vegen for Ørsta i denne saka.

– Særleg etter at vi vedtok bygging av fleirbrukshallen på Utstillingsplassen. Dette er fylket svært positive til. Dei har ei heilt anna haldning til det å vere med på eit spleiselag med kommunen no, enn då hallen var foreslått plassert på andre sida av elva, seier Aam.

Han seier at han er sterk i trua.

– Dette skal gå, men det vert ein spennande prosess å få det i mål.

Utteljing

Dei ulike partia skal ha gruppemøte 23. mai. 24. mai skal fylkesutvalet møtast å handsame sakene som skal opp til fylkestinget i juni.

– Desse møta vert avgjerande for Ørsta vidaregåande skule, seier Steinar Reiten.

Han foreslår nybygg i Ørsta prioritert på ein femteplass, det vil gå ut over planane om å bygge ein ny vidaregåande skule i Ålesund.

Dei tre første prosjekta er allereie i gang, med Romsdal vidaregåande skule på topp. Deretter Spjelkavik vidaregåande skule, der ein ny idrettshall er ein del av pakken.

– I planane om rehabilitering av Spjelkavik vidaregåande skule ligg der inne ei kraftig utviding på kapasiteten, særleg på studieførebuande. Også idrettsfaga skal verte flytta hit. Utdanningsutvalet vedtok også samrøystes utbygging av ein ny idrettshall etter internasjonale mål, noko som er eit veldig løft både for Ålesund og heile fylket.

KrF og Sp vil deretter prioritere nye lokale for elektrofag på Borgund vidaregåande skule.

– Dei held til i brakker som er så rotne at dei trakkar gjennom golvet. Elles er det meste av skulen ny. Det vi tenkjer er at det i Ålesund er meir akutt å få nybygg til elektrofaget enn å bygge den nye sentrumsskulen Ålesund vidaregåande skule. Det skal vere ein skule med studieførebuande, men med rehabilitering av Spjelkavik har vi løyst dette, og har studieplassar nok fram til 2030, meiner Reiten.

Også eit byggetrinn med Fagerlia vidaregåande i Ålesund er i ferd med å verte rulla ut.

– Ålesund får utteljing så det held i denne saka. Då må dei finne seg i å vente med ny sentrumsskule nokre år til.

Trafikkfarleg

Reiten peikar på at Ørsta vidaregåande er den store yrkesskulen for indre søre Sunnmøre.

– Skulen treng eit løft. Eg sjølv fekk meg ei aha-oppleving då utvalet var på synfaring der.

Reiten samanliknar det med det han ser innanfor samferdsel.

– Nokre gonger er infrastrukturen slik at der er situasjonar der du berre er nøydd til å gjennomføre radikale tiltak for å få bruer og ferjekaier på eit nivå der det ikkje er trafikkfarleg. Det same gjeld for skulane. Ungdomen er vår viktigaste ressurs, og det å gi ungdom eit så dårleg tilbod infrastrukturmessig, som dei har i dag i Ørsta, det vil eg samanlikne med ei bru eller ein tunnel som er i ferd med å verte trafikkfarleg. Dette hastar. Det som ikkje hastar like mykje kan vente. Økonomien er dessverre trong.