I september vedtok kommunestyret detaljreguleringsplanen for prosjektet Sæbø Brygge. Planen legg til rette for ein større fleirmannsbustad i sjøkanten på Sæbø og tilrettelegging av området rundt.

Planane er omstridde, og fleire i bygda har vore kritiske. I etterkant av vedtaket har det kome inn klaga frå to hald.

Tre punkt

Den første klaga er delt i tre. Klagarane (Geir Olav Hjortland, Anne Marthe Holen, Malvin Holen, Ståle Walseth, Åshild Walseth, Dina Kolås og Helge Strand) meiner at det er innregulert for få parkeringsplassar for Stokkebygget, at tomtesalet burde vore lyst ut offentleg og at måten salet har vore gjennomført på ikkje er i samsvar med etiske reglar og prinsipp om offentleg utlysing, og at det er forhasta å vedta ein detaljreguleringsplan når kommunen legg opp til å lage ny områdereguleringsplan for Sæbø om kort tid.

Når det gjeld parkeringsplassane har kommunen justert planane slik at det er plass til 7 parkeringsplassar på rekka ved Stokkebygget. Rådmannen har vurdert dei to andre punkta i klaga, og funne at det ikkje er gode nok argument for å ta desse til følgje. Det stiller formannskapet seg bak.

– Sal av eigedomar er formelt sett ein del av kommunen si forretningsdrift og ikkje direkte underlagt krav om utlysing. Noko anna er at det også er rett at offentleg utlysing er eit viktig prinsipp som bør følgjast i dei fleste slike saker (...). I reglementet går det fram at prinsippet om utlysing av areal for sal kan fråvikast når særlege tilhøve ligg føre, skriv rådmannen.

Kommunen meiner samfunnsansvaret med å legge til rette for bustader i Sæbø sentrum var viktigare enn å legge tomta ut på marknaden, og tok difor mest omsyn til dette. Rådmannen meiner klagarane har eit poeng når dei hevdar planen er forhasta. Dette var kommunen og politikarane klar over då vedtaket vart fatta.

– Mangelen på tomtetilbod i Sæbø sentrum, og det breie ønsket som ein har oppfatta at det er om å få etablert eit betre tomtetilbod i Sæbø sentrum, vart for kommunen eit viktigare omsyn enn dei planfaglege ulempene ein slik prosess representerte. Dette vil det kunne vere ulike meiningar om, men ikkje eit tilhøve som representerer nokon formell feil ved reguleringsprosessen eller reguleringsvedtaket, skriv rådmannen.

Etasje og veg

Den andre klaga, frå Anna Dorthea Moan og Jon Arne Årseth, Elisabeth og Normann Dimmen og Interessegruppa for Sæbø sentrum, inneheld to punkt. For det første meiner dei den tredje etasjen bør Hjørundfjord Brygge bør bli fjerna frå planane. For det andre meiner dei at det bør vurderast ei alternativ vegløysing som mellom anna skal redusere trafikken gjennom området ved butikkane og torgområdet, og gi eit større fellesareal utanfor Bellingen.

Det første punktet vart diskutert allereie då planen vart lagt fram. Rådmannen signaliserte her at han hadde vore i tvil om det var rett å opne for tre etasjar på Hjørundfjord Brygge. Kommunestyret har også vore på synfaring på Sæbø og vurdert dette. Rådmannen meiner det ikkje er kome fram heilt nye moment som gir grunnlag for å endre vurderinga. Det stiller formannskapet seg bak. Rådmannen har også sett på konsekvensane av å endre tilkomstvegen. Ei slik vurdering vart ikkje gjort då saksutgreiinga vart skriven. Han kjem til at ulempene ved ei endring er større enn fordelane. Det vil føre til større kostnader, som kommunen kanskje må ta på seg. I tillegg meiner han at det er både fordelar og ulemper med begge vegløysinga. Formannskapet stiller seg bak tilrådinga om å ikkje endre vegen.

Skar gjennom

Gunnar Knutsen (V) lufta i formannskapet tanken å flytte nybygget nærare sjukeheimen for å betre dei fysiske forholda i området rundt. Dette ville kravd ny regulering, og Knutsen fekk ikkje støtte frå resten av formannskapet. Knutsen ønskte også å ta klaga om vegløysing til følgje, og var den einaste som stemte mot rådmannen si tilråding under voteringa.

– Mykje av området rundt Bellingen vil miste kvaliteten sin med denne planen, og den alternative vegløysinga vil betre den trafikale situasjonen, meinte Knutsen.

– Det er leitt at denne saka har skapt så høg temperatur og mykje usemje på Sæbø, men av og til må vi som politikarar skjere gjennom, og etter ei samla vurdering er eg villig til å gjere i denne saka, sa ordførar Stein Aam (Sp).

- Det er få reguleringssaker som har vore så grundig drøfta som denne, og eg meiner dette er ein fornuftig konklusjon, meinte Synnøve Rekkedal Hill (Sp).

Saka blir no send til fylkesmannen for endeleg klagehandsaming.