Det var ein litt annleis skulestart for elevane som til vanleg går, eller skulle byrje, på ungdomsskulen på Vartdal måndag. Gjennom det nye skuleåret er nemleg alle ungdomsskuleelevane flytta til skulen i Barstadvik, medan den nye skulen på Vartdal vert bygd.

Barstadvik skule

Sjølv om situasjonen for både elevar og lærarar vert annleis i år, ser dei positivt på året som kjem. 45 ungdomsskuleelevar, og ni lærarar vil dette året opphalde seg på skulen i Barstadvik, der tre av lærarane i tillegg vil pendle ein god del mellom skulen på Vartdal og i Barstadvik.

– Det blir eit veldig spennande og annleis år for både elevar og lærarar, men det skal gå bra, konstatera lærar for 10. klasse, Eli Bjørdal.

– Eg må skryte av lærarane som har stått på i fleire veker for å gjere klart skulen til nytt bruk. Vi har til dømes gjort om eit formingsrom til eit klasserom. No har vi tre nokså bra klasserom for elevane. 3. etasje i bygget vert diverre ikkje i bruk, då rømmingsvegen ikkje vart godkjent, og for dyrt til å gjere noko med. Men vi skal greie oss med det vi har, fortel inspektør, Sjur Aarestrup.

– Vi veit ikkje heilt korleis det skal gå endå, men vi er positivt innstilt. Vi har alt vi treng. Gode, opne rom, eit stort uteområdet som elevane får heilt for seg sjølv, i tillegg til kommuna si kanskje flottaste utsikt frå klasseromma. I gymtimar vil målet vere å ta i bruk nærmiljøet til turar, som det er mange moglegheiter for her, fortel Eli Romestrand.

For elevane var det litt blanda kjensler kring situasjonen, men dei hadde god tru på at året i Barstadvik skal gå fint. For dei elevane som bur i Barstadvik, og til vanleg har teke buss til Vartdal for å gå på skule, var det kanskje endå meir stas, då bussituasjonen no er snudd på hovudet.

Vartdal skule

Bygging av den nye skulen på Vartdal er no i gong, og rektor på skulen, Laila Aarset, fortel at det også der har vore mykje arbeid med å rydde og flytte om på klasserom, kontor og personalrom for å lage plass til elevar og lærarar.

– Alt vil vere litt samantrykt dette året. Men eg må skryte av elevar, lærarar og foreldre som har gjort ein enorm innsats og vore så positive til å hjelpe å rydde og sortere, fortel ho.

– Og det er positivt at ein får rydda og kasta vekk mykje rot, legg Aarset til.

Måndag var det klart for skulestart, og 17 nye førsteklassingar byrja på skulen. I fjor var det 14. I tillegg har det kome fem nye elevar til skulen.

– Talet på elevar har vakse, men vi har framleis plass til fleire. Målet er å vere ein veksande skule, slår Laila Aarset fast.

Sjølv om det er noko trongt om plassen på skulen, er rektoren takksam for at dei har den flotte VD-hallen som har gode forhold for aktivitet, i tillegg til at det i fjor kom på plass ny leikeplass utanfor skulen.

– Dette er ein kjempestor opptur for elevane. Men vi ser veldig fram til at den nye skulen kjem. Elevane synest det er spennande å følgje med på byggje-prosessen.

Dei spente førsteklassingane var i alle høve godt nøgd med uteområdet, og sprang til leikeplassen med det same dei slapp ut til friminutt.